Psykisk helse-og rusarbeid

Master, høsten 2017

Mastergradstudiet i psykisk helse- og rusarbeid er eit tverrfagleg studium som skal bidra til å løyse kompetansebehovet i helse- og sosialtenestene.

Studiet er orientert mot tre faglege hovudperspektiv: (1) eit relasjonelt perspektiv; (2) eit holistisk perspektiv; og (3) eit betringsperspektiv. Perspektiva dannar grunnlag for forsking og undervisning på eit breitt sett av tematiske område; rus, vald, immigrasjon, fattigdom, traumatisk sorg og krise, tap av arbeid og å leve med alvorleg psykisk diagnose.

Utdanninga er treårig, med 60 studiepoeng første år som fulltidsstudium, og dei siste 60 studiepoenga fordelt på dei to siste åra som deltidsstudium. Undervisninga skjer på vekesamlingar på høgskolen dei to siste åra. I tillegg kjem sjølvstudium og oppgåver mellom samlingane.

Utdanninga er bygd opp av emna:

  • Mennesket, psykisk helse, psykiske lidingar, krevjande livserfaringar, rusproblematikk, fysisk og psykisk helse og det sosiale miljø
  • Kommunikasjon, samhandling, konfliktforståing og konfliktløysing
  • Vitskapsteori, metode og etikk
  • Organisering av tenester for menneske med psykiske helseproblem og rusproblematikk
  • Psykiske helseproblem, rusproblematikk og intervensjonar, i eit holistisk perspektiv og i eit betringsperspektiv
  • Praksisemne; Utvikling og utøving av relasjonskompetanse
  • Fordjuping i forskingsmetode og etikk
  • Masteroppgåve

Emna fordjuping i forskingsmetode og etikk og masteroppgåve takast på deltid over 2 år. Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid knytt til eit sjølvvalt tema, eller tema som inngår i pågåande forsking. Oppgåva vil seie at du gjer ei fordjuping i psykiske lidingar og/eller rusproblematikk innanfor eit av studiet sine hovudperspektiv.

Målgruppe
Målgruppa for studiet er helse- og sosialarbeidarar som ønsker å heve kompetansen for å arbeide med menneske som har psykiske lidingar, rusproblem og som vurderer å kvalifisere seg til ein PHD innan feltet.

Om du er tilsett i ein kommune, kan arbeidsgjevaren din søke Fylkesmannen om tilskot til dekking av lønnsutgifter i samband med denne utdanninga.

Enkeltemne PHA503 og opptak til Master del 2:

Studentar som har fullført vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller rusproblematikk og psykisk helsearbeid ved Høgskolen i Bergen etter 2013 eller Høgskulen i Sogn og Fjordane etter 2012 kan søke innpass for heile utdanninga i masteren sitt første studie år. Men for å kunne gå vidare til 2. studie år i masterutdanninga må desse studentane delta i og ta eksamen i emne PHA503, hausten 2017.  

Enkeltemne PHA503:
Dette emnet er tilgjengeleg for studentar som vil søke opptak på masterutdanning i psykisk helse og rusarbeid del 2 - andre og tredje studieår. Ved opptak til master del 2 vil emnet bli innpassa i studieplan, saman med gjennomført videreutdanning i psykisk helsearbeid og rusproblematikk og psykisk helse.

Opptaket gjeld kun for tidlegare studentar ved;

1. Høgskulen i Bergen frå og med kull 2013. Studentar med fullført vidareutdanning ved HiB i tida før 2013, må søkje ordinært opptak og vidare søkje om individuell vurdering av innpass i studiet.

2. Høgskulen i Sogn og Fjordane frå og med kull 2012. Studentar med fullført vidareutdanning ved HiSF tida før 2012, må søkje ordinært opptak og vidare søkje om individuell vurdering av innpass i studiet.

Studentar som har gjennomført studiet ved anna studiestad, må søkje ordinært opptak og vidare søkje om individuell vurdering av innpass i studiet.

Enkeltemne PHA503 kan søkes fra 1. mai med søknadsfrist 1. juni. Du søker opptak til enkeltemne ved å trykke på søk studieplass. I søknadsweb finner du emnet ved å trykke på opptak til enkeltemner og velger enkeltemneopptak Bergen - helse og sosialfag høst 2017.

Master del 2:
Opptak på enkeltemne PHA503 er særskild og er ikkje knytt til opptak på Master i psykisk helse og rusarbeid del 2. Eit eventuelt opptak på master del 2 vil vere med atterhald om at det er ledige studieplassar på kullet. Informasjon om opptak til master del 2 vil vere tilgjengeleg på våren 2018.

Undervisningsmåtar

På studiet vil du møte varierte læringsformer som omfattar både praksis og akademisk trening; forelesningar, gruppearbeid, seminar, e-læring, skriftlege arbeide, ferdigheitstrening, praksisstudium og prosessorienterte rettleiingsgrupper. Kritisk refleksjon og fordjuping over samanhengen mellom teoretiske perspektiv og fagutøving vektleggast.

Vurderingsformene er varierte; skuleeksamen, individuell heimeeksamen og heimeeksamen i gruppe.

Masterutdanninga i psykisk helse- og rusarbeid vil kunne tilby eit engasjert, tverrfagleg og tverr-etatleg forskingsmiljø på høgt nivå. Studentane vil ha nærleik til yrkesutøvinga gjennom praksis i løpet av studiet og ved at ressurspersonar frå praksisfeltet blir brukt som timelærarar. I tillegg vil studentane ha høve til å bli involvert i pågåande forsking knytt til praksis.

Praksis

Pasient-/brukarretta praksis skjer i andre semester og varer i 9 veker.

Kva blir du kvalifisert for?

Når du har gjennomført masterutdanninga i psykisk helse- og rusarbeid er du kvalifisert til å arbeide med menneske som har psykiske problem og rusproblem. Du kan arbeide både i kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.

Studentar som avsluttar masterstudiet etter eitt år, blir kvalifisert i høve til rammeplanen for vidareutdanning i psykisk helsearbeid.

Vil du studere meir?

Masterutdanninga gir kvalifikasjon til å arbeide med forskings- og utviklingsprosjekt.

Utveksling

Mastergradstudiet har avtalar om utveksling med Tanzania, Kings College i London og Charles University i Praha, Tsjekkia.