Maritime operasjoner

Master, hausten 2018

Master i Maritime operasjonar

Master i Maritime operasjonar er eit felles masterprogram i samarbeid med Hochschule Emden/Leer, Tyskland. Programmet går over fire semester og gir 120 sp. Undervisinga er samlingsbasert.

Samlingar hausten 2018

Uke 35

Uke 41

Uke 46 (2. års studentar)/ Uke 47 (1. års studentar)

Det er obligatorisk oppmøte på ei valfri samling.

Masterprogrammet gir deg kunnskap om ulike maritime operasjonar, med teknologi og leiing som rammeverk. I maritim sektor i dag står teknologiske, operasjonelle, og aspekt ved leiing i sterk samanheng, og både teknologi og leiing inngår i ulik form i alle maritime operasjonar. I løpet av studiet vert ulike typar maritime operasjonar utdjupa gjennom fleire dimensjonar; internasjonale (som regelverk og konvensjonar), tekniske (som skipsstabilitet), organisatoriske (som komplekse forhold mellom menneskelege og tekniske faktorar) og leiing (som handtering av sikkerheit og risiko). Dei maritime operasjonane ein tek for seg er relatert til skip, installasjonar og subsea-/offshore-farty, så vel som operasjonar over og under vassoverflata og langs kysten.

Masterprogrammet kombinerer det nautiske fagfeltet, med sitt fokus på operasjonelle og organisatoriske dimensjonar, med ingeniørkunnskap, som fokuserer på den tekniske dimensjonen, og med leiingsdimensjonen som er knytt til det operasjonelle perspektivet. Føremålet er å gi deg djuptpløyande kunnskap om maritime operasjonar, slik at du sjølv kan medverke til å betre og utvikle slike operasjonar, til dømes relatert til sikkerheit og effektivitet, slik at du vert ein verdifull ressurs i den maritime industrien til sjøs eller på land.

Masterprogrammet tilbyr to profilar; Offshore and Subsea Operations (Haugesund) og Sustainable Maritime Operations (Emden/Leer).

Offshore and Subsea Operations

Denne profilen vert gjennomført i Haugesund, og gir deg eit innblikk i subsea- og marine system og ¿operasjonar, skipsoperasjonar, strategiar og metodar for vedlikehald, og korleis tilhøve i det fysiske miljøet påverkar operasjonen og utstyret. Ulike overflatefarty, ROV¿ar, dykkesystem og subsea produksjonsutstyr vert gjennomgått. Metodar for å predikere værvindu som er avgjerande for om det er mogleg å utføre operasjonane er sentralt, så vel som analyse av risiko og pålitelegheit. I tillegg vert det arrangert simulatordemonstrasjon og ekskursjon til eit relevant selskap/operasjon, som vil gi deg ytterlegare kunnskap og erfaring.

Sustainable Maritime Operations

Denne profilen vert gjennomført i Leer, og gir deg grundig innsikt i tre ulike dimensjonar av maritime operasjonar; teknisk, operasjonell og leiing. Den tekniske dimensjonen fokuserer på krefter på last og oppdrift, vind og bølgjer, på hydrodynamiske forhold som påverkar fartyet og design på fartyet. Gjennom den operasjonelle dimensjonen fokuserer ein på maritime datamodellerings- og simuleringsverktøy som er naudsynte i maritime operasjonar.Leiingsdimensjonen fokuserer ein på sentrale tema innan organisasjon og prosjektleiing, så vel som metode og teknikkar for analyse og administrasjon.

Undervisningsformer

Masterstudiet er eit krevjande høgare grads studie som går over to år. Første semester blir gjennomført i Haugesund, mens andre semester blir gjennomført i Leer. Kvar av dei samarbeidande institusjonane tilbyr ein profili tredje semester. Profilvalet avgjer kvar du studerer dette semesteret. Masteroppgåva du skriv i siste semester bør vere knytt til profilen du har valt. Språket i undervisinga er engelsk.

Arbeidet er organisert gjennom forelesingar, seminar, gruppearbeid, prosjektarbeid og presentasjonar, på og mellom samlingar. Sjølv om studiet i hovudsak er lagt opp med fleksible arbeids- og vurderingsformer er det forventa at arbeidsmengda er like stor som i andre masterprogram på 120 studiepoeng.

Meir informasjon om studieprogrammet er tilgjengeleg på dei engelske nettsidene: //www.hvl.no/en/studies-at-hvl/study-programmes/2018h/mmo/