Kvifor studere forhandlingar og konfliktforståelse?
Konfliktar kan skape utfordringar og vere øydeleggande, men dei kan også vere utgangspunktet for innovasjon og ny innsikt. Det er viktig med ei god forståing av årsaker til konfliktar og korleis dei utviklar seg. I følge konflikteori er det sjølve handteringa som er avgjerande for om konfliktar får positive eller negative konsekvensar.
Studiet gir ei grundig forståing for ulike forhandlingssituasjonar og sentrale dilemma i forhandlingar. Det vil bli praktiske øvingar og teoretiske forelesningar om både distributive og integrative forhandlingssituasjonar, samt fleirpartsforhandlingar og assisterte forhandlingar (mekling). Det vil fokuserast på korleis ein kan utvikle avtalar av god kvalitet gjennom forhandlingsprosessen.
Kva lærer du?
- Du får teoretisk og praktisk kunnskap om konfliktar og konfliktdynamikk og korleis dette kan påverke organisasjonar.
- Kjennskap til sentrale begrep innanfor forhandlings- og konfliktteori.
- Korleis forhandlingsteori kan brukast til å utvikle gode avtaler.
- Analysere og forhalde seg til ein konfliktsituasjon og foreslå konstruktive måter å handtere konflikten på
- Forberede ulike forhandlingssituasjonar og tilpasse strategiar til desse.
- Gjennomføre ein forhandlingsprosess
- Vere merksam på etiske utfordringar knytta til konflikt- og forhandlingssituasjonar.
Du finner meir informasjon i emneplanen
Undervisningsform
Videoar, seminar, gruppearbeid, gruppeøvelsar, gruppepresentasjonar
Samlingar
Tre fysiske samlingshelger der kvar samling er fordelt over tre dagar. Fredagar kl. 16.00-20.00, laurdagar kl. 9.00-17.00 og søndagar kl. 9.00-14.00.
- Samling 1:
Konfliktforståing og konfliktanalyse. Introduksjon til forhandlingar - Samling 2:
Forhandlingsteori. Strategiar i forhandlingar - Samling 3:
Forhandlingar og konflikthandtering. Etiske dilemma. - Det er obligatorisk frammøte og fråversgrensa ligg på 20%
Det er obligatorisk frammøte og fråværsgrensa ligg på 20%
Forkunnskap
Generell studiekompetanse eller real kompetanse
Pensum
Informasjon om pensum kjem
Eksamensform
Semesteroppgave: 60 % Hjemmeeksamen (24 timer): 40 %
Studieavgift og betaling
Studieavgiften er kr. 40.900,-
Medlemmar av FLT som er omfatta av etter- og vidareutdanningsordninga gjennom Addisco, får dekka alle utgifter. Desse søkjer direkte til FLT.