Kvifor studere HRM i den norske modellen?
I dette studiet får du grunnleggjande kunnskap om HR-funksjonen sitt ansvar, rolle og oppgåver når det kjem til styring og leiing av verksemder i tråd med den norske arbeidslivsmodellen.
Undervisninga vil vektleggje krava til HR-funksjonen som prosessansvarlig, og gi kunnskap om relevante metodar og verktøy. Hovudtema vil være dei oppgåvene som HR-funksjonen er ansvarleg for og som skal bidra til å sikre at organisasjonen når dei forretningsmessige måla og ambisjonane sine med ei bærekraftig forvalting av menneskelege ressursar.
Relevant litteratur/pensum er knytt til beste praksis i private og offentlege organisasjonar.
Kva lærer du?
I dette kurset vil du lære sentrale teoriar, metodar og verktøy knytt til ulike HR-prosessar, som til dømes:
- Rekruttering
- Førebuing og oppfølging av helseplagar og sjukefråvær.
- Utvikling av eit trygt og godt arbeidsmijlø.
- Konflikthandtering
- Strategisk kompetanseutvikling
- Gjennomføring av endrings- og nedbemanningsprosessar
Målgruppe
Studiet passar for alle som arbeider med HR i privat eller offentleg verksemd eller som ønsker å kvalifisere seg for ei stilling innan HR.
Undervisningsform
All undervisning skjer i Høgskulen sine lokale på campus Kronstad i Bergen. Studiet er samlingsbasert med til saman 3 helgesamlingar. Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, gruppearbeid, presentasjonar, diskusjonar og rollespel. Det blir brukt gjesteforelesarar etter behov.
Samlingar
Det blir tre helgesamlingar på campus Bergen våren 2024:
- 1. samling: 2. - 4. februar
- 2. samling: 8. - 10. mars
- 3. samling: 12. - 14. april
Tidspunkt for den enkelte samlinga:
- Fredagar kl. 16:00 – 20:00
- Lørdagar kl. 09:00 – 17:00 (med ein times lunsj midt på dagen)
- Søndagar kl. 09:00 – 14:00
Du som student vil få servert eit enkelt måltid fredag før kursstart, samt lunsj lørdag og søndag.
Det er obligatorisk frammøte og fråværsgrensa ligg på 20%
Forkunnskap
Ingen
Pensum
Informasjon om pensum kjem
Eksamensform
Individuell eller gruppebasert semesteroppgave med justerende muntlig eksamen.
Karakterskala A-F, der F er ikke besått.
Studieavgift og betaling
Kr 40.900,-
NB: Medlemmar av FLT som omfattas av etter- og vidareutdanningsordninga der, får dekka alle utgifter. Desse søkjer direkte til FLT.