Kvifor studere forhandlingar og konfliktforståelse?
Konfliktar kan skape utfordringar og vere øydeleggande, men dei kan også vere utgangspunktet for innovasjon og ny innsikt. Det er viktig med ei god forståing av årsaker til konfliktar og korleis dei utviklar seg. I følge konflikteori er det sjølve handteringa som er avgjerande for om konfliktar får positive eller negative konsekvensar.
Studiet gir ei grundig forståing for ulike forhandlingssituasjonar og sentrale dilemma i forhandlingar. Det vil bli praktiske øvingar og teoretiske forelesningar om både distributive og integrative forhandlingssituasjonar, samt fleirpartsforhandlingar og assisterte forhandlingar (mekling). Det vil fokuserast på korleis ein kan utvikle avtalar av god kvalitet gjennom forhandlingsprosessen.
Kva lærer du?
- Du får teoretisk og praktisk kunnskap om konfliktar og konfliktdynamikk og korleis dette kan påverke organisasjonar.
- Kjennskap til sentrale begrep innanfor forhandlings- og konfliktteori.
- Korleis forhandlingsteori kan brukast til å utvikle gode avtaler.
- Analysere og forhalde seg til ein konfliktsituasjon og foreslå konstruktive måter å handtere konflikten på
- Forberede ulike forhandlingssituasjonar og tilpasse strategiar til desse.
- Gjennomføre ein forhandlingsprosess
- Vere merksam på etiske utfordringar knytta til konflikt- og forhandlingssituasjonar.
Du finner meir informasjon i emneplanen
Målgruppe
Emnet passar for deg som ønsker å lære meir om forhandlingar og få auka forståing for konfliktar.
Emnet blir tilbydt i samarbeid med utdanningsselskapet Addisco, og dersom du er medlem i forbundet Styrke, kan du søke om å få dekka kursavgifta via Addisco.
Undervisningsform
Videoar, seminar, gruppearbeid, gruppeøvelsar, gruppepresentasjonar
Samlingar
Det blir tre helgesamlingar ved campus Bergen våren 2025:
- 24.-26.01.2025
- 07.-09.03.2025
- 04.-06.04.2025
Tidspunkt for den enkelte samlinga:
- Fredagar kl. 16:00 – 20:00
- Lørdagar kl. 09:00 – 17:00 (med ein times lunsj midt på dagen)
- Søndagar kl. 09:00 – 14:00
Du som student vil få servert eit enkelt måltid fredag før kursstart, samt lunsj lørdag og søndag.
Pensum
Informasjon om pensum kjem
Studieavgift og betaling
Studieavgifta inkludera sjølve studiet, samt enkelt servering fredagar og lunsj laurdagar og søndagar på samlingane. Utgifter til bøker og litteratur kjem i tillegg.
Semesteravgift til studentsamskipnaden Sammen er valfri å betale for deg som tar vidareutdanning. Om du betalar semesteravgift vil du kunne få studentbevis, som kan gje deg studentrabatt ved til dømes kollektiv transport. For å kunne få stønad frå Statens Lånekasse, må semesteravgifta vere betalt. Les meir om semesteravgift her.
Du vil få tilsendt faktura for studieavgifta etter første samling.
NB: Medlemmar av forbundet Styrke kan søke om å få dekka kursavgifta av utdanningsselskapet Addisco. Om du er medlem i Styrke, kan du difor først søke om dette via Addisco sine nettsider.