Barne- og ungdomslitteratur

Master Hausten 2021

Master i barne- og ungdomslitteratur vektlegg forskingsmetodiske og vitskapsteoretiske problemstillingar knytt til barne- og ungdomslitterære tekstar, litteraturdidaktikk og litteraturformidling.

Studiet krev at du har interesse for eit variert utval av tekstar, og for å utvikle ei teoretisk forståing av estetikken og danningsmoglegheitene i barne- og ungdomslitteraturen. Du får arbeide med fagområdet si historie og eigenart. Feltet barne- og ungdomslitteratur blir også forstått og problematisert innanfor ein større kulturell kontekst, som del av skrift- og mediekulturen.

Du begynner arbeidet med masteroppgåva di i første studieår, men arbeidet vil i hovudsak skje i det andre studieåret.

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, gruppearbeid, seminar med presentasjonar, oppgåveskriving, rettleiing, studentrespons og aktiv studentdeltaking. Studiet stiller store krav til sjølvstendig arbeid.

Praksis

Studiet inneheld praksis. Her finn du informasjon om praksis.

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt semester til ein av samarbeidspartnarane våre, vanlegvis i haustsemesteret i 1. studieår.

Vi har ein ekskursjon til eit sentralt fagmiljø, som for eksempel den årlege The Child and The Book-konferansen som blir arrangert ulike plassar i Europa. På grunn av den pågåande koronapandemien kan denne ekskursjonen bli digital i studieåret 2021/22.

Kor kan du reise?