Bilete av mannleg lærar i grunnskulen

Andrespråkspedagogikk

Etter- og vidareutdanning

Andrespråkspedagogikk rettar seg mot lærarar i grunnskulen. Fokuset i studiet er på lærararbeid med elevar som ikkje har norsk som morsmål og som har hatt relativ kort skulegang til no i Noreg.

Andrespråkspedagogikk består av to 15-studiepoengsemne:

  1. Andrespråkspedagogikk 1
  2. Andrespråkspedagogikk 2 (fordjuping)

Studiet dekker tema som

  • tospråklegheit og andrespråkslæring, mellomspråk og mellomspråkutvikling
  • fleirkulturell undervisning og skule
  • lese- og skriveopplæring for minoritetselevar, grunnleggande ferdigheiter
  • norsk språk i komparativt perspektiv
  • arbeid med munnleg norsk og munnlege sjangrar når norsk er andrespråket
  • utvikling av ordtilfang og lesing av fagtekstar
  • litteraturundervisning og litterær samtale når norsk er andrespråket

Slik er studiet organisert

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre obligatoriske samlingar per semester. Læringsplattforma er Canvas. I studieåret 2022/2023 er samlingane er lagt til Høgskulen på Vestlandet på Stord, og vil gå over 2-3 dagar.

Videreutdanning for lærere

Kompetanse for kvalitet gir deg som lærer i grunnskolen og videregående skole, mulighet til å ta en videreutdanning som er tilpasset din arbeidshverdag. Her er oversikt over alle studietilbudene.