Barns språkutvikling og språklæring

Vidareutdanning på masternivå

Jobbar du i barnehage, og vil lære meir om korleis du kan stimulere barn si språkutvikling? 

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Fullført førskule-/barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk som kvalifiserer for pedagogisk leiarstilling i barnehagen. Du må være tilsett i barnehage.

    Alle må ha tilgang til ein barnehage. Søkarar utan fast stilling må dokumentere tilgang til ein barnehage for å kunne utføre obligatoriske læringsaktivitetar i løpet av studiet. 

    Prioritering av søkarar

    Søkarar med innvilga frikjøp til vidareutdanning frå arbeidsgjevar blir prioriterte i opptaket. Dersom det er fleire kvalifiserte søkarar enn tilgjengelege studieplassar, blir søkarane rangerte etter karakterar frå opptaksgrunnlaget. 

    Dokumentasjon på innvilga frikjøp og/eller stadfesting på tilgang til barnehage skal dokumenterast med følgjande skjema:Skjema for frikjøp og eller tilgang til ein skuleklasse eller barnehage nn

    Søknadsfrist er 15. april, og dette er òg fristen for å laste opp all dokumentasjon. 

    Frå 2026 er det endringar i stipend- og vikarordninga. Frikjøpsmidlane blir utbetalte til kommunar, fylkeskommunar og private skular. Les meir om Endringer i ordningene for kompetanseutvikling fra 2026 | udir.no

     

    Korleis søke:

    • Logg inn i Søknadsweb.
    • Vel opptak "Lærar, barnehagelærar og tolking".
    • Vel så "Vidareutdanning pedagogiske fag/lærarutdanning haust 2026".
    • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå studienummer under).
    • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
    • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden. 

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

     

    Om ledige studieplasser

    Viss det blir ledige studieplassar, må opptakskrav og stadfesting på tilgang til barnehage dokumenterast når du søker. 

    Studiekode i Søknadsweb

    8581

    Kvifor studere barns språkutvikling og språklæring?

    Opplev korleis ei betre forståing for barn si språkutvikling kan gjera læring meir engasjerande og gøy. Studiet kan opne dører for meir spesialiserte roller i barnehagepedagogikk. Lær deg metodar og verktøy som kan brukast til å tilpassa undervisninga til barna sine individuelle behov. 

    Kva lærer du?

    I dette studiet lærer du om barn si språklege utvikling og språkstimulering gjennom leik, høgtlesing og samtale. Vi har særleg fokus på barn som strevar med språkutviklinga. Det inkluderer barn med norsk som andrespråk, og barn med språk- og kommunikasjonsvanskar i barnehagen. Emnet omfattar også kartlegging og observasjon av barn si språkutvikling, og barnehagen sitt språkmiljø og språkstimulering.

    Meir informasjon om emnet og eksamen finner du i emnebeskrivelsen, SSB801/Språkutvikling og språklæring i barnehagen.

    Målgruppe

    Vidareutdanningstilbod retta mot deg som er barnehagelærar og andre pedagogar som jobber i barnehage.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Studiet er samlingsbasert delstudium, i Bergen. Det er organisert som ei blanding av samlingar, sjølvstudium, arbeid i studiegrupper, arbeid gjennomført på eigen arbeidsplass og arbeid på nett. Samlingane strekk seg over tre dagar, og vil bli sett saman av førelesingar og gruppearbeid, samt studentframlegg, samtalar og erfaringsutveksling.

    Det er fire arbeidskrav i løpet av året. Dei er knytt til utvikling av eigen praksis, fagtekst om språkvanskar og eit digitalt arbeidskrav om fleirspråkleg utvikling.

    Samlingar

    Det er i alt fire samlingar på studiet, og dei skal gå frå onsdag til fredag følgande datoar: 

    Studieåret 2026/2027:

    9.-11.september 2026
    18.-20.november 2026
    27.-29.januar 2027
    31.mars-2.april 2027

    Alle samlingar går på Campus Kronstad, Bergen: 
    Onsdagar kl. 11.15-17.00
    Torsdagar kl. 8.15-15.00
    Fredagar kl. 8.15-13.00

    Tilrådd forkunnskap

    Førskule-/barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

    Pensum

    Du får informasjon om pensum ved studiestart. 

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ei viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • ny oppdatert fagleg kunnskap
    • praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • personleg utvikling
    • moglegheit for å byggje nettverk
    • eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

     

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs