Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Alle tre krava må vere oppfylte:
- Bachelorgrad, eller tilsvarande, i naturvitskap, samfunnsvitskap, teknologi eller ingeniørfag med minimum 80 studiepoeng i:
- Miljøvitskap
- Politikk og forvalting
- Grøn teknologi og omstilling
- Geovitskap og naturfarar
eller ein kombinasjon av desse - Samla karakter på grunnutdanninga må vere C eller betre.
- To års arbeidserfaring (dokumentert med arbeidsattest)
Søkere med utdanning fra land utenfor Norden må dokumentere engelsk jamfør § 2.1 (4) i forskrift om opptak til HVL.
Om å søke opptak ved HVL
Trykk knappen «Søk studieplass» eller gå inn via søknadsweb. Velg rad for «Videreutdanning og halvårsstudium». Etterpå velger du fra listen «Videreutdanning haust 2024». Velg emnet du vil søke, trykk "legg til" og send søknad.
Søknadskode i Søknadsweb
6773
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere berekraftig klimatilpassing i arealplanlegging?
I denne vidareutdanninga kombinerer vi kunnskap om klimatilpassing med praktisk oppgåver knytt til arealplanlegging.
Faktorar som befolkningsvekst, urbanisering, økonomisk utvikling og endringar i naturressursbruk har innverknad på klimaendringar. Ved å få meir kunnskap om dei ulike drivarane og dynamikk bak endringar i arealbruk, vil du betre forstå korleis klimaendringar påverkar desse samfunssmessige faktorane og omvendt. Dette vil vidare gi deg grunnlag for kritisk refleksjon over ulike klimatilpassingsstrategiar.
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du mellom anna lære:
- Å planlegge og gjennomføre analysar og prosessar med mål om å redusere klimarisiko.
- Å utføre analysar av årsak-verknadskjeder for lokal klimarisiko.
- Korleis utvikle berekraftige løysingar for klimatilpassing lokalt.
- Å analysere og drøfte heilskaplege løysingar for lokal klimatilpassing i lys av gjeldande teoriar og forsking.
Les meir i emneplanen om kva du lærer.
Målgruppe
Emnet er eigna for:
- Deg som arbeider arealplanlegging, og som ønskjer meir kunnskap om korleis du kan tenkje klimatilpassing inn i utviklinga.
- Deg som arbeider med klimatilpassing, og som ønskjer å forstå korleis du kan gå fram for å lage konkrete planar for dette.
- Deg som har bakgrunn i tilgrensande fag, og ønskjer ei innføring i arealplanlegging for klimatilpassing.
Undervisningsform
Undervisninga vil ta form som:
- Arbeidsverkstader
- Seminar og ekspertpanel
- Gruppe- og plenumsdiskusjonar
- Forelesingar
- Ekskursjon/Feltdag
- Oppgåveskriving og rettleiing
Samlingar
Undervisningen i høst blir som følger
- Uke 35: Fysisk samling i Sogndal fra tirsdag 26. - fredag 29. august
- Uke 37: Digitalt studentdrevet seminar 3t (tidspunkt fleksibelt)
- Uke 38: Tilbud om digital undervisning tirsdag 16. og onsdag 17. sept + digital individuell veiledning fredag 19. sept
- Uke 39: Fysisk samling i Bergen fra mandag 22. - onsdag 24. sept
- Uke 41 el 42: Digitalt studentdrevet seminar 3t (tidspunkt fleksibelt)
- Uke 43: Tilbud om digital individuell veiledning (tidspunkt fleksibelt)
- Uke 44: Innlevering eksamensoppgave 31. oktober
Eksamensform
Ei skriftleg oppgåve er avsluttande eksamen i emnet.
To obligatoriske aktivitetar må vere godkjent for at du skal få tilgang til å levere oppgåva:
- Godkjent deltaking på 3 fysiske samlingar à 3 dagar.
- 2 godkjende innleveringar med medstudentrespons.
Dersom du er forhindra frå å delta på delar av dei obligatoriske samlingane, så kan du søkje om å få tilrettelagt for eit alternativ.