-
Studiepoeng
-
15
-
Varighet
-
0,5 år
-
Omfang
-
Deltid
Søk studieplass
Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).
Du må ha 30 stp. i norsk frå tidlegare.
Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.
Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidligare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.
Alle må ha tilgang til ein skuleklasse. Søkarar utan fast undervisningsstilling må dokumentere tilgang til ein klasse for å kunne utføre obligatoriske læringsaktivitetar i løpet av studiet.
Prioritering av søkjarar
Søkjarar med innvilga frikjøp til vidareutdanning frå arbeidsgjevar blir prioriterte i opptaket. Dersom det er fleire kvalifiserte søkarar enn tilgjengelege studieplassar, blir søkarane rangerte etter karakterar frå opptaksgrunnlaget.
Dokumentasjon på innvilga frikjøp og/eller stadfesting på tilgang til skuleklasse skal dokumenterast med følgjande skjema: Skjema for frikjøp og eller tilgang til ein skuleklasse eller barnehage nn.pdf
Søknadsfrist er 15. april, og dette er òg fristen for å laste opp all dokumentasjon.
Frå 2026 er det endringar i stipend- og vikarordninga. Frikjøpsmidlane blir utbetalte til kommunar, fylkeskommunar og private skular.
Les meir om Endringer i ordningene for kompetanseutvikling fra 2026 | udir.no
Korleis søke:
- Logg inn i Søknadsweb.
- Vel opptak "Lærar, barnehagelærar og tolking".
- Vel så "Vidareutdanning pedagogiske fag/lærarutdanning haust 2026".
- Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå studienummer under).
- Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
- Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
- Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden.
Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon
Om ledige studieplassar
Viss det blir ledige studieplassar, må opptakskrav og stadfesting på tilgang til skuleklasse dokumenterast når du søker.
Studiekode i Søknadsweb
8710
Kvifor studere danningsperspektivet i norskfaget?
Norskfaget har eit tydeleg danningsoppdrag, samstundes som danning ikkje er formulert som eit eige kompetansemål. Dette studiet gir deg tryggleik i kva danningsomgrepet rommar, og korleis du kan arbeide med det i kvardagen i klasserommet.
Du får eit fagleg fundament for å ta medvitne val av tekstar, arbeidsmåtar og undervisningsformer som gir rom for refleksjon, dialog og engasjement.
Kva lærer du?
Du lærer korleis danning kan bli ein integrert del av norskundervisninga gjennom arbeid med litteratur, lesing, skriving, dialog og diskusjon. Studiet vektlegg litteratur som spegel og vindauge, skriftkultur og tekstproduksjon som grunnlag for språkleg utvikling og meistring, og eleven som aktiv samfunnsaktør.
Du utviklar didaktiske opplegg som knyter saman overordna del og kompetansemål i LK20, og får innsikt i kritisk og pedagogisk bruk av teknologi og kunstig intelligens.
Les meir i emneplanen om kva du lærer og eksamen (DNO801).
Målgruppe
Norsklærarar i grunnskulen.
Praktisk informasjon
Undervisningsform
Dette er eit heildigitalt studium utan fysiske samlingar som består av:
- Asynkrone økter: undervisning du kan sjå når det passar for deg
- Synkrone økter: obligatorisk digitalt oppmøte til fastsett tid
Du finn datoar og tidspunkt for dei synkrone samlingane under Samlingsdatoar.
Dei asynkrone øktene vil vere undervisning i emnet sine sentrale tema. Dei er sette saman i tematiske modular som studentane må gjennomføre.
Studentane skal gjennomføre eit utviklingsarbeid med elevar. Arbeidet skal innehalde planlegging og gjennomføring av eit undervisningsopplegg, som dannar utgangspunkt for semesteroppgåva.
Samlingsdatoar
Haust 2026
Dei synkrone øktene med digitalt obligatorisk oppmøte vil innehalde gruppearbeid, plenumsdiskusjonar og anna studentaktivt arbeid.
Det vil vere fire slike økter per semester à 2 timar frå 13.00-15.00. Tidspunkta for dei er:
• 01.09.2026 (Introduksjon av studiet og *OLA 1)
• 29.09.2026 (Oppsummering/gjennomgang/refleksjon om modul 1 + OLA 2)
• 27.10.2026 (Oppsummering/gjennomgang/refleksjon om modul 2 + OLA 3)
• 24.11.2026 (Oppsummering/gjennomgang/refleksjon om modul 3 + semesteroppgåve)
*OLA: Obligatorisk læringsaktivitet
Kvifor ta meir utdanning?
Eit arbeidsliv i rask endring er ei viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:
- ny oppdatert fagleg kunnskap
- praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
- personleg utvikling
- moglegheit for å byggje nettverk
- eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
- moglegheit for opprykk i stillingskategori
- moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb
Få tips og informasjon om vidareutdanningar rett i innboksen
Meld deg på nyheitsbrev
Andre interessante studietilbod
Vi har tilbod til deg som er lærar i offentlege og private skular – både i grunnskulen, vidaregåande opplæring og for deg som underviser vaksne i grunnopplæringa.
Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs