Illustrasjon: Software engineering

Datateknologi

Ph.d.

Denne doktorgradsutdanninga i informatikk og rettar seg mot deg som vil kvalifisere deg for forsking og vitskapleg arbeid på høgt internasjonalt nivå. Programmet legg vekt på forsking relatert til prosjektering av system og bruk av informatikk i tverrfagleg forsking.

Feltet programvareteknikk handlar om ingeniørprinsippa for design, utvikling, evaluering, distribusjon og vedlikehald av programvare og programvaresystem.

Feltet sensornettverk handlar om teknikkar, maskinvare- og programvareplattformar som etablerer kommunikasjonsinfrastruktur mellom nettverksbaserte sensoreiningar.

Feltet ingeniørdatahandsaming handlar om utvikling og bruk av matematiske modelleringsteknikkar, programvare og dataplattformer for å løyse komplekse problem innan ingeniørfag.

bilde av Håvard Helstrup

Håvard Helstrup

Fagleg leiar for ph.d.-programmet

Utveksling

Forskingsmiljøet som er ansvarleg for ph.d.-programmet har omfattande internasjonale samarbeid, inkludert forskingssamarbeid og rettleiing av ph.d.-kandidatar. Som ph.d.-kandidat vil du få moglegheit til å presentere forskingsarbeid som del av seminar og møte med internasjonale gjestar, og til å delta i diskusjon med andre forskarar på feltet.

Ph.d.-studia inkluderer eit obligatorisk 3-6 månader langt besøk til ein internasjonal forskargruppe. Dispensasjon frå dette blir berre gitt i ekstraordinære tilfelle og er betinga av godkjenning av programkomiteen.

Kor kan du reise?