Den blå åker – kompetanseløft for havbruksnæringa

Etter- og vidareutdanning

Jobbar du innan havbruksnæringa og ønskjer fagleg påfyll? Vil du lære om økonomistyring og havbruksforvaltning i eit grønt skifte? Da kan du ta vidareutdanning gjennom eit modulbasert deltidsstudium i Ryfylke.

Innhaldet i dette studiet er praktisk retta og utvikla i dialog med havbruksnæringa. Du vil lære mellom anna om økonomistyring i havbruk, kvalitetsleiing og HMS, havbruksdrift og leiing og dessutan havbruksforvaltning i eit grønt skifte.

Kursane vil være samlingsbaserte i Ryfylke kombinert med digital undervisning. Du kan velje sjølv om du ynskjer å ta deler av studiet eller fullføre heile løpet med totalt 60 studiepoeng.

Kurspakken

Studiet består av totalt fire ulike emne på 15 studiepoeng. Dei to første emna vart gjennomført hausten 2021 og våren 2022. Det tredje emnet vert pilotert hausten 2022. Du søkjer opptak til eitt og eitt kurs via vårt søknadsweb.

Hausten 2021

Havbruksøkonomi

Innhald
Dette kurset på 15 studiepoeng skal gi deg kunnskap om lønnsemd og sirkulærøkonomi innan havbruksnæringa. Du lærar korleis du kan gjere økonomiske vurderingar og bruke økonomiske data og informasjon for å ta gode avgjerder med økonomisk konsekvens for havbruksnæringa og havbruksverksemder. Du skal og kunne kritisk reflektere over økonomiske utfordringar og moglegheiter for ei havbruksnæring som konkurrerer regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Sjå emneplan «FØS8111 Havbruksøkonomi» for meir informasjon.

Samlingsdatoar

  • Fredag 22. oktober - laurdag 23. oktober
  • Torsdag 18. november – laurdag 20. november
  • Torsdag 9. desember – laurdag 11. desember
  • Fredag 21. januar - lørdag 22. januar 

 Samlingsstad

Vi nyttar kurslokalet til "Smaken av Ryfylke" på Hjelmeland. 

Våren 2022

Organisering og leiing i havbruksnæringen

Innhald
Dette kurset på 15 studiepoeng skal gi deg kunnskap om organisering og leiing innan havbruksnæringa. Emnet gjer studentane ei innføring i grunnleggjande problemstillingar knytt til organisering, leiing og HR i verksemdder generelt og i havbruksnæringa spesielt. Emnet gjer studentane innsikt i omgrep og teoriar med vekt på praktiske utfordringar og dilemma.

Sjå emneplan «FØS8112 Organisering og ledelse i havbruksnæringen» for meir informasjon (Emneplan kjem).

Samlingsdatoar

  • Fredag 25.februar - laurdag 26. februar
  • Torsdag 24.mars – fredag 25. mars
  • Fredag 29.april – laurdag 30. april
  • Fredag 20.mai – laurdag 21.mai

Samlingsstad

Vi nyttar kurslokalet til "Smaken av Ryfylke" på Hjelmeland. 

Hausten 2022

Bærekraftig havbruk for framtida

Innhald
Dette kurset på 15 studiepoeng gje studentane brei kunnskap om teoriar, informasjon og vurderingar som ligg til grunn for dagens forvaltningsmessige utfordringar for havbruksnæringa. Emnet har særskild fokus på berekraftsutfordringar knytta til fôr, lus og lokalitetar. Studentane skal lære å identifisere forvaltningsmessige vurderingar og bruke tilgjengelig data og informasjon for å ta gode beslutningar (med forvaltningsmessig konsekvens) i eigen organisasjon . Emnet har som mål å gjere studentane i stand til å kunne reflektere kritisk over både forvaltningsmessige og berekraftsmessige utfordringar og mogeligheiter i havbruksnæringa.  Emnet utgjer emne 3 av totalt 4 emner i prosjektet BLÅ ÅKER.

Sjå emneplan «FØS8113 Bærekraftig havbruk for fremtida» for meir informasjon

Samlingsdatoar

  • Veke 34 – Fredag 26.august og lørdag 27.august (11:00 – 17:00 / 9:00 – 15:00)
  • Veke 38 – Torsdag 22.september – lørdag 24.september
  • Veke 42 – Torsdag 20.oktober – lørdag 22.oktober
  • Veke  47 – Fredag 25. og 26.november (muntlig eksamen)

Samlingsstad
Vi nyttar kurslokalet til "Smaken av Ryfylke" på Hjelmeland.

Organisering

Kurspakken består av 4 frittståande kurs à 15 studiepoeng.
Kvart kurs går på deltid over 1 semester og gjennomførast samlingsbasert i kombinasjon med nettundervisning.

Bakgrunn

Denne vidareutdanninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, Ryfylke IKS ved MOR-prosjektet (motivasjon, opplæring og rettleiing), Grieg Seafood ASA, Bremnes Seashore AS og Sterling White Halibut AS. Prosjektet er finansiert av Kompetanse Norge.