Kva handlar leiarprogrammet om?
«Di Reise» er ein møtestad for leiarar på tvers av sektorar, bygd på overtydinga om at samhandling er avgjerande for å møte framtidas utfordringar. I ei tid med store regionale, nasjonale og globale endringar, vil utfordringar i éin sektor før eller sidan påverke oss alle.
Difor handlar programmet ikkje berre om å styrke deg som leiar, men òg om å utvikle fellesskapet vi er ein del av. Fokuset ligg på å skape den beste versjonen av fellesskapet – ikkje berre av individet – slik at vi saman kan byggje eit sterkare samfunn på tvers av grenser og fagområde.
Kva lærer du?
«Di Reise» tek utgangspunkt i spenninga mellom person (deg sjølv), profesjon (jobben din), situasjon (det du står i her og no), relasjonane du står i – og tradisjonen du er ein del av. Gjennom denne reisa får du verktøy og innsikt til å ta betre avgjerder, bygge tillit og bidra til eit sterkare samfunn på Vestlandet.
Målgruppe
Dette leiarutviklingsprogrammet er for deg som har ei leiarrolle i privat eller offentleg sektor.
Første kull starta i 2025 med 18 leiarar frå Vestlandet, representert frå helsevesen, kommunar, privat næringsliv, forsvar, frivillig sektor og HVL. HVL har etablert programmet som ein del av vårt samfunnsansvar, og for å styrke rolla vår som samfunns- og regional utviklar på Vestlandet.
Praktisk informasjon
Samlingsdatoar og undervising
Gjennom fire samlingar i 2026 (to på vinter/våren og to på hausten/vinter) på HVL sin campus Kronstad i Bergen, får deltakarane høve til fordjuping, refleksjon og læring i fellesskap.
Datoar for 2026:
- 11.-12. februar Rom:
-
-
-
-
-
-
- onsdag: J103 - Kronstadtorget, K1-bygget
- torsdag: M130/131 - K2-bygget
-
-
-
-
-
-
- 18.-19. mars
- 22.-23. september
- 25.-26. november
Studieavgift
Deltakaravgift: 35.000 kr per deltakar (inkluderer fagleg program, lunsj alle åtte dagar, middag første samling, lokale og kursmateriell).
Ønsker du å delta?
Vurderer du deltaking på kurset i 2027, og er interessert i meir informasjon?
Fyll ut dette skjemaet, så tar vi kontakt med deg.
Teoretisk og fagleg fundament
- Paul Otto Brunstad: Klokt lederskap. Mellom dyder og dødsynder(Gyldendal, 2009)
- Paul Otto Brunstad: Beslutningsvegring: et ledelsesproblem (Gyldendal, 2017)
- Paul Otto Brunstad: Kunsten å nøle (Gyldendal, 2025, in press)
- Olav Kjellevold Olsen (red.) Når det gjelder som mest Operativ ledelse og team i kritiske situasjoner (Universitetsforlaget 2025)
- I tillegg nyttar vi utvalde artiklar og kapittel frå Brunstad og nærliggande leiingslitteratur om dømmekraft, skjønn og relasjonell leiing.


