Didaktiske praksisar

Master

Er du lærar eller jobbar med fag- eller yrkesopplæring og ønskjer å styrke fagkompetansen din med ein master? Som lærar har du eit av dei viktigaste kunnskapsyrka i samfunnet. Det er ein krevjande og givande jobb med mange komplekse utfordringar. 

Stord, Bergen, Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Fullført og bestått lærar- eller yrkesfaglærarutdanning som kvalifiserer for undervisning i grunnopplæring og/eller vidaregåande opplæring. Du må i tillegg oppfylle følgande krav avhengig av studieretning:  

    • Andrespråksdidaktikk: Minst 60 studiepoeng i norsk
    • KRLE: Minst 60 studiepoeng i religion/KRLE
    • Kroppsøving: Minst 60 studiepoeng i kroppsøving
    • Mat og helse: Minst 60 studiepoeng i mat og helse 
    • Matematikk: Minst 60 studiepoeng i matematikk
    • Naturfag: Minst 60 studiepoeng i naturfag
    • Samfunnsfag: Minst 60 studiepoeng i eit samfunnsvitskapleg fag, historie eller geografi
    • Yrkesdidaktikk: Yrkesfaglærarutdanning, eller PPU for yrkesfag med bakgrunn i anten fag-/svennebrev eller profesjonsretta bachelorgrad 

    Fordjupingskravet dannar grunnlaget for val av spesialisering i masterstudiet. I søknaden søker du på det 60-poengsfag du vil arbeide vidare med i masterstudiet. 

    Poenggrense ved forrige opptak

    • Alle kvalifiserte

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor velje master i didaktiske praksisar?

    Med master i didaktiske praksisar kan du som lærar styrke din faglege, pedagogiske og didaktiske tryggleik i møte med framtidas skule.

    Studiet er tilrettelagt for lærarar og andre som jobbar med fag- eller yrkesopplæring, og som vil studere på deltid. Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men det kan også vere samlingar på dei andre campusane ved Høgskulen på Vestlandet i løpet av studieprogrammet.

    Utdanninga er profesjonsretta og tek utgangspunkt i arbeidsfeltet ditt som lærar og dei gjeldande læreplanane for skulen. Startar du våren 2026, kan du velje ei av desse studieretningane:

    • Samfunnsfag og KRLE
    • Kroppsøving, mat og helse
    • Matematikk og naturfag
    • Yrkesdidaktikk
    • Andrespråksdidaktikk

    Her blir praksiskunnskapar og -erfaringar knytt saman med teoretisk kunnskap, noko som gir eit godt grunnlag for forskingsbasert yrkesutøving og profesjonell utvikling.

    Samlingsbasert og nettbasert

    Masterstudiet har både samlingsbasert og nettbasert undervisning. Det er lagt opp til varierte arbeidsformer både når studentane er samla fysisk eller på nett og når studentane arbeider på eiga hand. Studiet stiller høge krav til sjølvstende og eigenaktivitet gjennom seminar, presentasjonar, skriving av tekstar og rettleiing, samt refleksjon og dialog om praksiserfaringar og eigen yrkesutøving.

    Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet. Presentasjon og diskusjon av eige masterprosjekt vil difor stå sentralt i studiet, samt respons til framlegg frå medstudentar. Arbeidskrav varier mellom dei ulike emna og er gjort greie for i dei enkelte emneplanane.

    Ta studiet på heiltid?

    Alle studentar i dette studiet får status som deltidsstudent med 4. år studierett, men det er mogleg å ta studiet med heiltidsprogresjon på 2 år.

    Studiet er da lagt opp slik:

    1. semester vår: 501 og 503
    2. semester haust: 502 og 504
    3. semester vår: 505 og byrje masteroppgåva 550
    4. Fullføring og innlevering av masteroppgåva 550

    I studieplanen finn du emnebeskrivingane til kvart emne, der det står meir informasjon om korleis undervisninga er bygd opp.

    Det er inntil tre fysiske samlingar i kvart emne i tillegg til nettmøte. Dette gjeld alle emne, med unnatak av MDIP504 som er eit heildigitalt emne. Generelt vil det vera noko meir fysisk oppmøte første studieår, enn andre.  Nesten 90% studentane våre er i jobb parallelt med studia, men i ulike stillingsstorleikar. Vi legg vekt på å vera føreseieleg, som betyr at du som student vil kunne finne informasjon om tidspunkt for undervisning allereie når studia opnar for søking.

    Samlingsdatoar for våren 2026

    Kroppsøving, mat og helse

    MDIP501A Didaktiske praksisar retta mot undervisning i kroppsøving og mat og helse

    2 fysiske samlingar + 3 digitale. Dei digitale blir fastsett i samråd med studentane.

    • 1. samling veke 5: 28.-30. januar på campus i Bergen 
    • 2. samling veke 16: 15.-17. april på campus på Stord

    Samfunnsfag og religion

    MDIP501C Globalisering og utdanning

    Samling 1, fysisk Bergen campus, 21.-22. Januar 

    Samling 2, digital, 19. Februar.  kl.14-18 

    Samling 3, digital, 19. Mars. Kl. 08-12 

    Samling 4, fysisk Bergen campus, 22.-23. april 

     

    Digitale seminar kl 15 – 17: 14. jan, 20. mai, og ein dag i veke 6 og 11 

    Andre- og framandspråk

    MDIP501D Andre- og framandspråkslæring i norsk skule og opplæring

    Samlingsdatoar (campus Bergen):

    Første samling 

    26. og 27. januar 

    Dag 1: kl. 12.15–17.00 

    Dag 2: kl. 08.15–15.30  

     

    Andre samling 

    16., 17., og 18. mars 

    Dag 1: kl. 12.15–17.00 

    Dag 2: kl. 08.15–15.30  

    Dag 3: kl. 08.15–15.30 

     

    Tredje samling 

    4., 5., og 6. mai 

    Dag 1: kl. 12.15–17.00 

    Dag 2: kl. 08.15–15.30  

    Dag 3: kl. 08.15–15.30

     

     

    Yrkesdidaktikk

    MDIP501F Ledelse av yrkesdidaktiske arbeid i praksis

    Samlingsdatoer (campus Bergen)
    Samling 1: 28.-29.januar (veke 5)
    Samling 2: 11.-12.mars (veke 11)
    Samling 3: 22-23.april (veke 17)

    Matematikk og naturfag

    MDIP501G Matematikk- og naturfagdidaktikk i praksisfeltet

    Samlingsdatoar (Bergen campus)
    21.-23. januar
    18.-20.mars

    Nettundervisning
    14. januar (fra kl. 15:30-17:00)
    4. februar (fra kl. 15:00-18:00)
    19. februar (fra kl. 15:00:18:00)
    15.april (15:00-18:00)

    Fellesfag MDIP503 (Heiltid)

    MDIP503 Didaktiske praksisar 
    (Studentar som tar studiet på heiltid tar dette emnet saman med studieretningsemnet 501)

    Samlinger Bergen campus
    Samling 1, veke 6. (mandag 02.-onsdag 04.februar).  

    Samling 2, veke 13. (mandag 23.-onsdag 25.mars). 

    Samling 3, veke 17 (mandag 20.-onsdag 22.april).  

    Det obligatoriske fremmøte med studentseminar og presentasjon av OLA2, er i 2. samling – 23.-25.mars 2026

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

     

    Vil du studere meir?

    Studiet kvalifiserer til opptak til doktorgradsutdanningar.