Hopp til innhald

ØKB3103 Finansielle instrument

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet vil vere ein gjennomgang av korleis moderne derivatmarknader fungerer og korleis ulike derivat kan brukast til styring av finansiell risiko. Ein legg stor vekt på moderne derivat-instrument («forward», «futures» og opsjonar) og korleis desse kan nyttast i ymse sikringsstrategiar. Andre emne som blir dekte er kontinuerlige renter, «bootstrapping», «swaper», kredittderivat og prising av terminkontraktar, opsjonar og CDS-ar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • Kan gjere greie for forskjellen på terminkontraktar og futures.
  • Kan gjere greie for kjøpar/selgar posisjonar i futures og stengjing av desse, kontrakt spesifikasjon, «mark-to-market» og marginkonto systemet, prinsippa for levering, konvergens, og dei ulike hovedtypane av aktørar som opererar i futuresmarknaden.
  • Kan gjere greie for ulike sikringsstrategiar som nyttar futures, kryss-sikring, sikring av ein eigenkapitalportefølje mha. indeksfutures og rullering av sikring.
  • Kan gjere greie for prinsippa for fastsetjing av forward/futures prisar, «convenience yield» og «cost of carry».
  • Kan gjere greie for rentebytte avtaler («swaps») og FRA.
  • Kan gjere greie for organiseringa av opsjonsmarknader og kva som karakteriserar ulike opsjonar.
  • Kan gjere greie for ulike opsjonsparitetar, «payoff» funksjonar, dei klassiske opsjonsstrategiane.
  • Kan gjere greie for prinsippet om risikonøytral verdsetting.
  • Kan gjere greie for delta-sikring av ein utstedt opsjon og også korleis dei andre «grekarane» uttrykker ulike risikodimensjonar relatert til opsjonsposisjonar.
  • Kan gjere greie for volatilitetssmil.

Ferdigheiter

Studenten :

  • Kan renterekning med kontinurlege renter; nåverdi, sluttverdi og internrente («yield»).
  • Kan berekne teoretisk verdi, «yield», durasjon, par «yield» og terminrenter (for kontinurlege renter).
  • Kan utføre «bootstrapping» for å estimere rentekurva.
  • Kan utforme sikringsstrategiar som nyttar terminar/futures.
  • Kan berekne verdien av enkle rentebytte-avtalar og FRA-ar.
  • Kan formulere enkle arbitrasjeargument for terminar/futures.
  • Kan illustrere opsjonsstrategiar i kurs/gevinst diagram.
  • Kan berekne opsjonsprisar mha. binominale tre.
  • Kan berekne opsjonsprisar mha. Black-Scholes prisingsformel for ulike underliggjande (aksjar, aksjeindeksar, valuta og futures).
  • Kan nytte programvare og rekneark til å berekne opsjonsprisar.

Generell kompetanse

Studenten:

  • Har tilegna seg ein generell respekt for derivat.
  • Har tilegna seg ei forståing av at derivat er eit svært effektivt verktøy for tilverking av sikringsstrategiar, men også at dei kan medføre alvorleg risiko om ein nyttar dei feil.
  • Har tilegna seg ei overtyding om at derivat ein ikkje fullt ut skjønar bør ein halde seg unna.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØA204 Investering og finansiering eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveløysing. Førelesingane vil bli strøyma og òg tilbodne i opptak. Førelesingane vil hovudsakleg vere tavlebaserte, men supplerte med bruk av dataverktøyet DerivaGem.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det vil vere to innleveringar. Den første dekkjer futures, swap-ar, rekning med kontinuerlege renter osv., medan den andre dekkjer opsjonar og vil ha innlevering mot slutten av kurset. Begge innleveringane er laga for grupper med 2-3 studentar. I tillegg til innleveringane vil det vere anbefalte oppgåver frå læreboka med løysingsforslag.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar , 100%

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle kalkulatormodellar er tilletne, med følgjande unntak

- kalkulatoren skal ikjke ha moglegheit for mottak/sending av meldingar

- kalkulatoren skal ikke kunne handsame symbolske matematiske uttrykk

- kalkulatoren skal ikkje kreve tilkobling til strømnettet

- kalkulatoren må ikkje lage støy

https://www.hvl.no/student/eksamen/hjelpemiddel-ved-eksamen/

Meir om hjelpemiddel