Å-KH130 Kunst og Handverk 1

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Studiet retter seg både mot studentar som ønsker seg å bruke faget i ein skulekontekst - eller som eit meir frittståande studie i skapande prosessar. Gjennom studiet får studentane øving i eit bredt utval i teknikkar og materialar innan design, kunst og arkitektur. Arbeid i verkstaden utgjer ein stor del av studiet.

Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike materiale og medium knytt til gjeldande læreplan for grunnskulen. Arbeid på verkstaden dreier seg om bruk av materiale og gir innsikt i både analoge og digitale framstillingsmåtar. Studiet legg til rette for at studenten skal utvikle evne til å forstå korleis bodskap kan formidlast visuelt og i materiale. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Det vert lagt vekt på faget sin relevans og legitimering som eit allmenndannande fag i skulen, og på relevant fagteori.

Studenten sin handlingskompetanse utvikles gjennom øving og erfaring med skapande prosessar. Studenten skal kunne skape eit læringsmiljø som stimulerar til oppleving, utfolding og refleksjon rundt aktualitet, kvalitet og bærekraftig utvikling.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema i dei ulike grunnskulelærarutdanningane, slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten

  • har grunnleggande kunnskap om relevante material, teknikkar, verktøy og estetiske virkemiddel
  • har grunnleggande kunnskap om mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur
  • har grunnleggande kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosesser, oppleving, leik og kreativitet
  • har grunnleggande kunnskap om forholda mellom natur, kulturelle uttrykksformer, verdisyn, kvalitet og etikk
  • har grunnleggande  kunnskap om korleis analoge og digitale uttrykksformer innanfor design,  kunst og arkitektur, men også innan handverk, kan tolkast og brukast som utgangspunkt for unge menneske sitt skapande arbeid 
  • har kunnskap om gjeldande regler om opphavsrett, personvern og kjeldekritikk også ved bruk av bilde og andre visuelle ressursar

 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan arbeide målretta med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosesser 
  • kan analysere og formidle mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur på varierte måtar 
  • kan formidle val av inspirasjonskjelder, arbeidsmetode, virkemiddel, material, teknikkar, verktøy og læremiddel 
  • kan bruke og vedlikehalde relevante reiskap, apparat og maskiner, og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerhet på verkstedane (HMS-rutinar) 
  • kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk 
  • kan bruke faget sitt innhald, arbeidsmåtar og teori i læring og vurdering
  • kan organisere utstillingar av skapande arbeid

 

 

 

 

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • forstår korleis ein kan leggje til rette for skapande arbeid med materiale som utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
  • har innsikt i korleis val av material, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
  • er fortruleg med erfaringsbaserte læringsformer og har innsikt i korleis sjølvstendige undersøkingar og skapande arbeidsformer kan bidra til å løyse ulike form- relaterte problem 
  • kan samarbeide og kommunisere med andre fag om utvikling av fleirfaglege prosjekt samt generere tverrfaglege, vitskaplege og utforskande arbeidsformer 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Seminar
  • Fagdagar
  • Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
  • Praktisk arbeid i verkstaden, individuelt og i grupper
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/ studietur

Arbeidskrav

  • Det vil vere krav om frammøte knytt til obligatoriske læringsaktivitetar
  • Munnleg framlegg
  • Skriftleg individuell oppgåve

Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava. Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen for grunnskulelærarutdanningane. Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.

Studenten må forventa ein kostnad på ca.750 kr. til materialar.

Vurderingsform

Vurderingsmappe.

Ei mappe som inneheld både skriftlege oppgåver og praktisk arbeid. Det praktiske arbeidet skal stillast ut saman med dokumentasjon og refleksjon.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

- alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • LU2-KH215 (1) - Kunst og Håndverk 1b, 5-10. - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU2-KH115 (1) - Kunst og Håndverk 1a, 5-10. - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU1-KH315P (1) - Kunst og håndverk 2a, 1-7. - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU1-KHÅ215 (1) - Kunst og Håndverk 1b 1-7 - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU1-KHÅ115 (1) - Kunst og Håndverk 1a 1-7 - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU2-KHÅ130 (1) - Kunst og Håndverk 1 5-10 - Reduksjon: 30 studiepoeng
  • LU1-KHÅ130 (1) - Kunst og Håndverk 1 1-7 - Reduksjon: 30 studiepoeng