ØKB1113 Organisasjonspsykologi og leiing

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Organisasjonspsykologifaget har fokus på dei grunnleggjande psykologiske prosessane som har betydning for å forstå verksemda i organisasjonslivet. Sentrale tema er motivasjon, gruppepsykologi, organisasjonslæring, personlegdom og grunnlaget for beslutningsprosessar. Leiingsdelen av faget legg vekt på leiarroller, leiaraferd og ulike leiarstilar med fokus på situasjonsbestemt leiing.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten:

  • Kan gjera greie for grunnleggjande individualpsykologiske teoriar om dynamiske prosessar (motivasjon og emosjon) og kognitive prosessar (persepsjon, læring og problemløysing) som er sentrale for å forstå organisasjonslivet
  • Kan forklara korleis sosialpsykologiske prosessar som haldningsdanning og gruppeatferd har konsekvensar for trivsel og effektivitet i organisasjonar.
  • Kan gjera greie for ulike teoretiske tilnærmingsmåtar til leiing.
  • Kan gjera greie for utfordringar ved leiing innanfor spesifikke kontekstar, som for eksempel leiing i offentleg verksemd, leiing av endringsprosessar, leiing i team, m.m.
  • Vet om betydninga av kjønn, etnisitet og mangfald ved leiing av organisasjonar.
  • Kjennar til etiske dilemma i forhold til leiing.

Ferdigheiter:

Studenten:

  • Kan analysera organisasjonscases ut frå kunnskapar og teoriar frå ulike delar av det psykologiske fagfeltet.
  • Kan komma med begrunna forslag til tiltak i problemsituasjonar i organisasjonar ut frå sine faglege kunnskapar og analyseferdigheiter.
  • Kan bruka ulike teoretiske tilnærmingar til leiing i ein organisasjonsanalyse.
  • Kan begrunna forslag til tiltak innanfor leiingsfeltet.

Generell kompetanse:

Studenten:

  • Har tileigna seg ein fagleg kompetanse som gjerd hu/han i stand til å setta spørsmålsteikn ved val som blir gjort i organisasjonsmessige samanhengar.
  • Har tileigna seg ei fagleg haldning som gjer hu/han nyssgjerrige på ulike innfallsvinklar til analyse av organisasjonar.
  • Har tileigna seg forståing for organisasjonars grunnleggjande kompleksitet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ØKB1112 Organisasjonsteori eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og gruppearbeid ut frå gitte oppgåver og arbeidskrav. Individuelt arbeid med fagstoffet.

Arbeidskrav

To skriftlege innleveringar og munnleg presentasjon i grupper

Vurderingsform

Skritleg eksamen, 5 timar 100%, eksamen kan bli avholdt digitalt

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • EVA-PERS120 (1) - Personalledelse - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • EVA-PERS110 (1) - Personalledelse - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • EVN1002 (1) - Ledelse i maritime organisasjoner - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • SA057 (1) - Organisasjonsteori - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • ØKB1008 (1) - Organisasjonspsykologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ØKB1007 (1) - Personal og organisasjonskunnskap - Reduksjon: 3 studiepoeng
  • ØKB1002FORØK (1) - Organisasjon og personal - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • ØKB057 (1) - Organisasjon og personal - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • ØKB026FOR-ØK (1) - Organisasjon og personal - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • ØKB026 (1) - Organisasjon - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • SA123 (5) - Organisasjon - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • SA123 (1) - Organisasjon - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • SA064 (1) - Organisasjon - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • ØKB1026 (1) - Organisasjon og personal - Reduksjon: 4 studiepoeng
  • ØKB1104 (1) - Organisasjon og personal - Reduksjon: 4 studiepoeng