MGBBNM503 Begynnaropplæring, emne 3 - Den utviklingsorienterte lærar. Fagleg og tverrfagleg arbeid i begynnaropplæringa
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet vert ikkje tilbydd studieåret 2024/2025.
Til saman skal emna i Begynnaropplæring i 4.studieår (15+15+15 studiepoeng) bidra til avansert og forskingsbasert kunnskap i begynnaropplæring i norsk og matematikk. Emnet skal gje studenten ferdigheiter til å bruke denne kunnskapen for å utvikle både eiga og skolens undervisning i faget. Begynnaropplæringa skal gje kunnskap til å byggje bru mellom ulike diskursar knytt til barns kunnskapar/erfaringar frå heim, barnehage og skole.
Emnet Begynnaropplæring i norsk og matematikk - den utviklingsorienterte lærar legg særleg vekt på studentens evne til å utvikle læringsmiljø og klasseromskultur i lys av forsking og teori om norsk- og matematikkdidaktikk i begynnaropplæringa. I dette emnet skal studenten også fordjupe seg i eit sjølvvalt tema knytt til begynnaropplæring i norsk og matematikk.
Begynnaropplæringa blir drøfta i lys av nasjonal og internasjonal forsking. Profesjonsutvikling, læringsmiljø og klasseromskultur er gjennomgåande i emnet. Gjennom arbeid med emnet skal studenten utvikle ein spesialisert norsk- og matematikkdidaktisk kompetanse, og forstå samspelet mellom ulike fag og potensialet det har for barns læring og utvikling i begynnaropplæringa.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert forskingsbasert kunnskap om eit valt tema som er sentralt for begynnaropplæring i norsk eller matematikk
- har avansert og forskingsbasert kunnskap om begynnaropplæring i norsk og matematikk, med særleg vekt på utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene
- har inngåande kunnskap om læringsfremjande klasseromskultur
- har inngåande kunnskap om lærarens ulike roller i elevars faglege utvikling i norsk og matematikk.
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere og halde seg kritisk til nasjonal og internasjonal forsking om begynnaropplæring og nytte denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
- kan gjennomføre teoribaserte tekstanalysar av til dømes utdanningsdokument, læremiddel (digitale og analoge) og barnelitteratur, og kritisk vurdere bruken av desse i begynnaropplæringa i norsk og matematikk
- kan planlegge, gjennomføre og analysere læringsprosessar i begynnaropplæringa i norsk og matematikk som stimulerer elevanes nysgjerrigheit og utforskartrong
- kan teoriforankra, vurdere og bidra til å utvikle begynnaropplæringa i norsk og matematikk
- kan utarbeide og grunngje design for eige forskingsprosjekt (Masteroppgåva)
Generell kompetanse
Studenten
- kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga og har profesjonsfagleg skriftleg, munnleg og digital kompetanse
- kan bidra til samarbeid og utviklingsarbeid som fremjar fagleg og pedagogisk nytenking i skolen omkring begynnaropplæring
- kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar med fagleg integritet og etisk bevisstheit
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gjennomført MGBBNM501 og MGBBNM502. Bestått praksis og bestått FOU-oppgåve
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsmåtane i faget vil være både felles nettbasert undervisning og undervisning på lokal campus. Det vil vere førelesningar, fagseminar, gruppearbeid i større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteratur og ei aktiv tilnærming til problemstillingane studentane vert presenterte for. Ein forventar at studentane organiserer kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten må ha godkjent tre læringsaktivitetar for å kunne gå opp til eksamen:
- ein læringsaktivitet knytt til design og utprøving av undervisning i praksis i gruppe. Dette skal munne ut i ein munnleg presentasjon og ein vitskapleg poster som samanfattar resultata
- seminar der det eine bygger på tekstanalyse og innlevert notat med responsgrupper, og det andre er knytt til framlegging av arbeid med prosjektskisse
- obligatorisk deltaking på seminar.
Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte og deltaking i læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.
Presisering av obligatoriske læringsaktivitetar og formelle krav vert delt ut ved semesterstart.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere utførte og godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar som ikkje består ein obligatorisk læringsaktivitet får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Vurderingsform
Semesteroppgåve. Ei individuell skriftleg prosjektskisse med problemstilling. Meir presisering kjem første del av semesteret. Det blir gitt rettleiing i arbeidet med prosjektskissa.
Språk: Norsk, valfri målform.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel