Hopp til innhald

NAB2016 Sjørett I

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

- Dei mest vanlege rettsreglane som gjeld sjøfart.

- Skipet som verdigjenstand og rettssubjekt.

- Ein introduksjon til juridisk metode med vekt på sjøfarten sine problemstillingar.

- Reglar om skips nasjonalitet, registrering og offentleg kontroll av skip, kjøp/sal og bygging av skip, pant/tilbakehaldsrett og arrest i skip, førebygging av samanstøyt, ansvarstilhøve, berging, felleshavari, arbeidstilhøve og arbeidstakaren sine rettigheiter,  transport av passasjerar og reisegods, og undersøking av ulukker.

- Internasjonale konvensjonar.

- Fraktavtalar.

- Forsikringsavtalar.

Læringsutbytte

Studenten

- har kunnskap om  delar av det sjørettslege lov- og regelverk.

- kjenner til regelverket si oppbygging, forvalting og nedslagsområde.

- skjønn korleis kunnskap innafor området vert fornya i takt med utvikling og bruk av regelverket.

Studenten

- kan nytta regleverket på aktuelle problemstillingar.

- kan gjennomføra enkle tolkingar av reglar og kan nytta rettskjeldemateriale på konkrete saker som ligg føre.

- kan gje ei enkel teoretisk framstelling av viktige reglar i lov og kontrakt.

Studenten

- har ei forståing for at rolla som skipsoffiser har ei rettsleg side.

- forstår at han eller ho som skipsførar vil ha øvste juridiske myndigheita om bord.

- forstår at ein vil vera reiarlaget sin representant på staden.

- kan sjå faktiske og rettslege tilhøve i samanheng og gjera vurderingar.

- kan fatte avgjerder ikkje berre ut frå det praktiske og handgripelege, men og i lys av rettsreglar.

- forstår og kan ta del i diskusjonar over sjørettslege emne.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Det kan vera gunstig med noko kjennskap til juss frå før, alternativt vert ei enkel juridisk innføringsbok parallelt med eller i forkant av kurset tilrådd.

Undervisnings- og læringsformer

Studentaktiv læringsform gjennom dialog og eigenaktivitet. Problembasert læring.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ja.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen over 5 timar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Noregs lover, andre ukommenterte og allment tilgjengelege lovsamlingar i vanleg sal, særtrykk av lover (Lovdata-utskrift er ikkje tillate.

Meir om hjelpemiddel