Hopp til innhald

NAB3038 Integrert praksis

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet består av følgande element:

Tilnærming til faget. Heilt i byrjinga av semesteret sjekkar vi at alle har godkjende helseattestar, sikkerheitskurs, pass etc. Gir informasjon om kva for reiarlag og type farty som er opplæringsskip i praksisperioden.

Kort tid etter oppstartsmodulen, byrjar vi med ein introduksjonsmodul, kor temaa det skal jobbast med i praksisperioden vert introduserte. Studenten vil få tildelt farty og får informasjon om kva som vert forventa av dei under praksisen om bord. Høgskulen står her for logistikken slik at kommunikasjon mellom rederi og student vert effektivisert. Webcadet vert gjennomgått og starta opp for kvar einskild student. Det vil i løpet av denne perioden vera rom for at tidlegare studentar og førelesarar kan dela sine erfaringar frå praksis og livet til sjøs. Tilsette i reiarlaga vil verta introduserte og spørsmål ifm praksisen kan rettast til desse.

Praksisperiode vert utført om bord på utvalt farty. Utreisedato og heimreisedato kan variera noko frå student til student, men alle studentane har tilnærma 2 månadar om bord på fartyet. Ut over normal opplæring og innføring om bord, jobbar studentane via Webcadet med dei delane som vart gjennomgått under introduksjonsmodulen. Studenten vert fylgt opp av assessor om bord på fartyet og kontaktperson på HVL. I løpet av denne perioden skal det førast refleksjonsnotatar, midtveisvurdering og sluttnotat.

Når studentane er komne att, vert ein evalueringsmodul gjennomført. Vi får tilbakemeldingar og deler erfaringar frå dei ulike fartya. Studentane skal her levera inn refleksjonsnotatar, midtveisvurderingar og sluttnotatar i løpet av 14 dagar etter heimkomst. Vidare vert det fram mot semesterslutt jobba med prosjektoppgåver i temaa me har gått gjennom i introduskjonsmodulen, og studentane held ein presentasjon basert på praksisperioden sin for dei andre studentane, representantar frå reiarlaga og førelesar(ar).

*

**

Læringsutbytte

Ein student skal ved fullført emne ha følgande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheitar og generell kompetanse:

Studenten:

  • Har brei kunnskap om det å arbeide ombord i eit skip
  • Har brei kunnskap om ivaretaking av grunnleggande arbeidsoppgåver ombord i eit skip
  • Har brei kunnskap om bruk av alarminstruksar, mønstringslister, brann og sikkerheitsplanar ombord i eit skip
  • Har brei kunnskap om bruk av ISPS-planar ombord i eit skip
  • Har brei kunnskap om relevante kommunikasjonsformer ombord i eit skip - både internt på skipet og med andre skip, landorganisasjonar, hamner, etc.
  • Har brei kunnskap om rangordninga om bord, og kven som har ansvar for kva for arbeidsoppgåver om bord
  • Har brei kunnskap om rette arbeidsteknikkar, særskilt relatert til kritiske operasjonar
  • Har brei kunnskap om aktuelle retningsliner, forskrifter og lovverk gjeldande for skipet

Studenten:

  • Identifiserer, vurderer, prioriterar, planlegg, utfører, føl opp, rapporterar og dokumenterar arbeidsoppgåver innan sitt ansvarsområde om bord
  • Kan gjennomføre og overlevere brovakt sikkert
  • Kan planlegge ei sjøreise
  • Kan planlegge og reflektera rundt ein lasteoperasjon for skipet
  • Handterer relevant utstyr sikkert og nyttar dette på rett måte
  • Utfører rette arbeidsteknikkar inklusiv forflyttingsteknikk
  • Arbeider systematisk og tilpassar arbeidstempoet etter tildelte arbeidsoppgåver
  • Samarbeider godt med dei andre om bord, både på dekk og i maskin
  • Nyttar kunnskap frå pensum, forsking og utviklingsarbeid innan nautikkutdanninga.
  • Reflekterar over eiga fagleg utøving og justerer denne under rettleiing
  • Er kjent med og føl retningsliner om bord i skipet
  • Kan knytta erfaringane om bord til teori gjennomgått på studiet

Studenten:

  • Syner innsikt i operasjonar relevante for skipet.
  • Syner sjølvstende, nøyaktigheit og fagleg forsvarlegheit i utføring av arbeidsoppgåver ombord.
  • Arbeider i samsvar med lovverk og retningsliner, inkludert skipet sitt sikkerheitsstyringssystem.
  • Syner respekt for andre.
  • Tek ansvar for eiga læring og tek initiativ til å utnytta læresituasjonar, og nyttar rettleiing aktivt og konstruktivt.
  • Syner evne til kritisk refleksjon over eigen arbeidsinnsats, inkludert planlegging og utføring av eigne arbeidsoppgåver
  • Får innsikt i nytenking og innovasjonsprosessar innan området

Krav til forkunnskapar

  • NAB1020 Grunnleggende sikkerhetskurs for sjøfolk
  • NAB1025 Sikkerhetsbevissthet for sjøfolk med anviste sikkerhetsplikter
  • NAB1002 Terrestrisk navigasjon
  • NAB1015 Navigasjonsinstrumenter I
  • NAB1016 Navigasjonsinstrumenter II
  • NAB1004 Praktisk navigasjon I
  • NAB2004 Praktisk navigasjon II
  • NAB2002 Meteorologi og oseanografi
  • NAB2059 Lasteteknikk I
  • NAB2060 Lasteteknikk II

Tilrådde forkunnskapar

  • NAB1028 Samarbeid, organisasjon og kultur på skip
  • NAB2052 Marint Maskineri
  • NAB1021 Hydrostatikk og stabilitet
  • NAB2011 Varme- og strøymingslære

Undervisnings- og læringsformer

  • Praktisk arbeid
  • Førelesingar
  • E-læring
  • Sjølvstudiar

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Godkjent helseerklæring
  • Presentasjon

Vurderingsform

Mappeeksamen, vekting 100/100, gradert A-F

(Inkluderer: Refleksjonsnotatar, midtveisvurdering, sluttnotat, prosjektoppgåve)

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle tilgjengelege hjelpemiddel tillatne.

Meir om hjelpemiddel