Hopp til innhald

SA588 Sosiologisk forskingsmetode

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei grunnleggande innføring i korleis samfunnsvitskaplege undersøkingar blir gjennomførte. Undervisninga er bygd opp kring dei ulike stega i ein forskingsprosess, frå utforming av problemstilling og innsamling av data, til analyse av data og tolking av det endelege forskingsresultatet. Eit sentralt tema er kva som skil bruken av kvantitative og kvalitative data.

Læringsutbytte

Etter fullført emne:

  • kan studenten definere grunnleggande omgrep i sosiologisk forskingsmetode
  • har studenten kunnskap om dei mest brukte forskingsmetodane i sosiologien
  • kan studenten gjere greie for ulike undersøkingsopplegg

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • diskutere sterke og svake sider ved bruk av kvantitative og kvalitative data
  • diskutere og grunngje metodeval med utgangspunkt i ulike typar problemstillingar
  • utforme ein plan for ei kvalitativ undersøking
  • gjennomføre kvalitative intervju, kvalitative tekstanalysar, tabellanalyse og korrelasjonsanalyse

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • vurdere og tolke metodebruk i sosiologisk og annan samfunnvitskapleg forsking
  • vurdere og halde seg kritisk til det metodiske grunnlaget for forskingsresultat som blir presentert i det offentlege ordskiftet

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, skriftlege oppgåver og sjølvstudium.

Oppgåver til mappe: fire skriftlege oppgåver. To av desse inngår i sluttvurderinga, og desse blir valde av HVL.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på første ordinære undervisningsøkt. Studentar som er forhindra frå å gjennomføra arbeidskravet, må levera inn eit alternativt skriftleg arbeidskrav på 800 ord over ein oppgåvetekst og med ein tidsfrist gitt av emneansvarleg.

Vurderingsform

Fire timar skriftleg skuleeksamen, vekting 50%.

To oppgåver frå mappe, vekting 50%.

Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter på mappa, må ny oppgåve løysast.