Hopp til innhald

LU2-NOR315 Norsk 2a 5-10

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Norsk 2A dreier seg om tale og skrift, utviklinga frå ein munnleg til ein skriftleg tekstkultur, og faghistorie. Sentralt i studiet er samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid. Studentane skal få utvida, forskingsbasert innsikt i korleis språket har utvikla seg og framleis utviklar seg. Det blir lagt vekt på litteraturteori, teksthistorie, språkhistorie og barnelitteraturhistorie. To didaktiske hovudområde er munnleg kommunikasjon og den vidare leseopplæringa. Kulturomgrepet står sentralt, og arbeidet med tekstar har som siktemål å øva opp analytisk og kritisk lesing. Det blir lagt vekt på praktisk arbeid med og utprøving av metodar i leseopplæring. Studentane skal utføra eit sjølvstendig arbeid med eit språkleg eller litterært didaktisk emne.

Fagleg innhald Norsk 2a, konkretisering av tema:

 

  • Tale og skrift, frå munnleg til skrifleg tekstkultur

 

  • Litteraturhistorie

 

  • Barnelitteraturhistorie

 

  • Dramatikksjangeren

 

  • Sakprosa- og lærebokhistorie

 

  • Språkhistorie 
  • Språkleg normering av bokmål og nynorsk
  • Litteraturteori
  • Litteraturdidaktikk
  • Dei grunnleggjande ferdigheitene lesing og det munnlege
  • Arbeid med språkleg eller litterært didaktisk særpensum

Læringsutbytte

- kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskapar om skilnader på tale og skrift, og kva som kjenneteiknar den munnlege kulturen og skriftkulturen
  • har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår, og om faghistorie
  • har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn og vaksne i historisk perspektiv
  • har kunnskapar om ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur
  • har kunnskapar om litteraturdidaktikk
  • har kunnskapar om språkhistorie og om språklege endringsprosessar i fortid og samtid
  • har kunnskapar om språkleg normering av både bokmål og nynorsk frå 1800-talet til i dag

 

- ferdigheiter:

Studenten

  • kan lesa, analysera, tolka og samanlikna tekstar skrivne for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon, sjå dei i eit historisk perspektiv og setja dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
  • kan analysera tekstar med omsyn til språklege trekk knytt til historiske endringsprosessar og normering av skriftspråket
  • kan rettleia og vurdera elevar sin produksjon av munnlege tekstar
  • kan sjølv bruka, og rettleia elevar i bruk av, litteraturfagleg kjeldemateriale
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
  • kan vurdera språkhistoria si vektlegging i læreplan og i læreverk og førebu undervisning i språklege emne

 

 

- generell kompetanse:

Studenten

  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  •  har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 1eller LU2-NORSK115, LU2-NORSK215

Undervisnings- og læringsformer

Klasseromsundervisning; lærarstyrt og med studentaktivitetar. Presentasjonar og seminarinnlegg, munnlege og skriftlege oppgåver, individuelle og i grupper. Bruk av øvingsrom. Tekstskaping og                 -vurdering.

Obligatorisk undervisning med krav til 80 % oppmøte

Obligatorisk læringsaktivitet

  •  Godkjente obligatoriske oppgåver

 Alle studiekrav spesifiseres i semesterplanen.

Vurderingsform

 Skriftleg eksamen og prosjekt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Skriftleg eksamen ingen hjelpemiddel, mappe alle hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel