NAB1024 Maritim engelsk
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Dette kurset har som mål å gje studentene den nødvendige kunnskapen, ferdigheiten og kompetansen som er nødvendig for å utføre kommunikasjon mellom skip og fasiliteter langs kysten, samt mellom skip og ombord på skip.
Denne kompetansen er påkrevd for å utføre plikter og arbeid ombord på skip på ein profesjonell/fagmessig og trygg måte.
Kurset er meint å utvide studentenes kunnskap, forståelse og ferdigheit for å kunne overhalde kravene i IMO's STCW.
Muntlig eksamen må påreknast å bli arrangert både på dagtid og kveldstid.
Læringsutbytte
- Kunnskapar:
Studentane skal kunna maritime standarduttrykk på engelsk som vert nytta i intern og ekstern kommunikasjon om bord. Dei skal vera i stand til å kommunisera effektivt og utan misforståingar ved hjelp av dei maritime standarduttrykka med mottakarar som ikkje har engelsk som førstespråk. Studentane skal vera trygg på å kommunisera på eit framandt språk i ulike operative situasjonar, både knytt til dagleg drift og til ekstraordinære tilfelle som naudssituasjonar.
- Ferdigheitar:
Studentane skal kunna nytta grunnleggjande engelsk relatert til operasjon og drift av skip. Dei skal vera i stand til å nytta engelsk som kommunikasjonsspråk i ein maritim arbeidskvardag, og nytta engelsk vokabular og grammatikk korrekt. Dei skal kunna nytta det maritime standardvokabular i ein bestemt operasjon, som til dømes fortøying, lasting/lossing eller liknande, både med personar om bord i eige skip og eksterne partar.
- Generell kompetanse:
Studentane skal vera i stand til å gjennomføra arbeidsoppgåver om bord i eit skip der arbeidsspråket er engelsk. Dei skal kunna utveksla synspunkt og erfaringar på engelsk i eit maritimt fagmiljø. Studentane skal vera trygg i kommunikasjon som går føre seg på engelsk, og evna å fanga opp moglege misforståingar når slike kan oppstå som følgje av mangelfulle språkkunnskapar hos andre. Faget dekkjer relevante krav i STCW 78 as amended, tabell A-II/1.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og individuell rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Skriftlege og munnlege innleveringar.
Vurderingsform
Muntlig eksamen
Muntlig eksamen må påreknast å bli arrangert både på dagtid og kveldstid.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillét under eksamen.
Meir om hjelpemiddel