Hopp til innhald

NAB3027 Leiing av maritime organisasjonar

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Faget omhandlar nokre sentrale tema i fagene leiing og organisasjon med vekt på utmaningar innan organisasjonskultur, samarbeid og konflikt, team og endring. Det vart fokusert på tema, utfordringar og dilemma som er viktige for oppgåva som maritim leiar ombord

Læringsutbytte

- Kunnskapar:

  • Studentane har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar og problemstillingar i faga leiing og organisasjon
  • Studentane kjenner til forsking og utviklingsarbeid innan fagområdet
  • Studentane er godt kjende med omgrep som grupper, team, samarbeid, konflikt og konfliktløysing, motivasjon og endring, og dei utfordringar og dilemma som vert skapte der
  • Studentane er i stand til å oppdatere eigen kunnskap innan fagområdet 

 - Ferdigheitar:

  • Studentane kan anvenda teori frå pensum for å kjenne igjen, analysera og forklara sentrale tema innan faget med vekt på utfordringar og dilemma
  • Studentane kan reflektera over eige fagleg arbeid, finna fram til, vurdera og visa til fagstoff for å belysa ei problemstilling

 - Kompetanse:

  • Studentane har innsikt i sentrale utfordringar og dilemma innan faget leiing, korleis samarbeid kan skapast og konfliktar løysast
  • Studentane kan planlegge og gjenomføre faglege prosjekt som strekk seg over tid, og aktivt bidra til resultat og gjennomføring
  • Studentane har innsikt i eigen veremåte og leiarstil, og er kjend med etiske krav og utfordringar innan fagområdet
  • Studentane har føresetnadar for å utvikla eigen leiarstil og reflektera over korleis ein sjølv og andre kan verta stimulerte til å læra, utvikla seg og veksa som menneske

Krav til forkunnskapar

 Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Studentane bør vere istand til å forstå og uttrykje seg på engelsk, og ha evne til å tenkje kritisk.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, gruppearbeid og diskusjonar i plenum

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel