Hopp til innhald

SA5-301 Barn og unge si kulturelle livsverd

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Med uttrykket «kulturell livsverd» siktar vi til språk, kunnskapsformer og normer som utgjer kollektive meiningssystem for menneske, her særskilt dei som møter barn og unge i samtida.

Dei kulturelle inntrykka som barn og unge har tilgang til har endra seg fundamentalt gjennom det siste hundreåret. Både styresmakter og foreldre syner eit anna og meir omfattande engasjement i barn og ungdom sine liv. Utdanningsinstitusjonen er ein viktig arena for dette engasjementet. Men truleg ser vi det mest synlege utrykket for endringane i mediekulturen, der unge menneske er dei mest aktive brukarane av ulike tenester og tilbod. Gjennom nye og eldre medium, er dei unge aktive normsendarar og aktive mottakarar av eit breitt spekter av kulturell og normativ informasjon. Emnet skildrar og gir innsikt i slike endringar, samstundes som vi held dei opp mot «eldre» sosialiseringsformer i familien, som framleis er dei mest sentrale, særskilt for dei yngre borna. Den grunnleggjande sjølvdanninga skjer framleis i nære relasjonar, men også her peikar studiar på at det skjer ei intensivering i engasjementet mot eigne barn både i form av organisering av tida, og i form av at barn har blitt viktigare emosjonelt for foreldra. Generelt ser vi ei svekking av skiljet mellom vaksne og unge, med konsekvensar også for autoritetsrelasjonar og «vaksen» sjølvdanning. Emnet vil gi studentane høve til å studere dette feltet basert på litteratur som ope og kritisk drøftar kva som er overflatiske eller djupare endringar i den sosiokulturelle horisonten til dei unge.

Emnet tek dermed opp samspelet mellom tre sentrale sosialiseringsarenaer som alle er prega av historisk og kulturell endring; familien, utdanningsinstitusjonen og media. Gjennom eit kultursosiologisk perspektiv på desse institusjonane blir barn og unge si livsverd kritisk undersøkt.

Relevans: Innhaldet i emnet gjer det særskilt relevant i høve til hovudområdet «samfunnskunnskap» i Læreplan i samfunnsfag , men også gjennom kunnskap om kjeldebruk og kjeldekritikk som spesifikt blir nemnd i hovudområdet «Utforskaren». Oppøving av formidling, diskusjon og utvikling av samfunnsfagleg kunnskap og kompetanse hos elevar er også viktige kompetansar.

Emnet er også relevant ved at det gir studenten betre kunnskap om den kulturelle kvardagen til elevgruppa, og at han/ ho slik blir betre i stand til å formidle samfunnsfaget til denne gruppa.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten har/kan

  • avansert kunnskap om kulturelle prosessar innafor familie, utdanning og media  som stør opp om og påverkar dei unge sin identitetsdanning og kulturelle horisont
  • inngåande kunnskap om rolla til, og verknaden av nettbaserte media på livsverda til barn og unge
  • inngåande kunnskap om sosialiseringsprosessar, og teoriar og forsking om korleis desse blir påverka av kulturell- og anna samfunnsendring
  • inngåande kunnskap om pågåande endringar i skulen, media og familie som ser ut til å viske ut skiljet mellom born og vaksne 
  • nytte fagkunnskapen i emnet på andre tema og undervisningsområde, som t.d. nye mediekulturar, demokrati og maktforhold

Ferdigheiter:

Studenten har/kan

  • analysere teoriar og metodar innan ungdomssosiologisk litteratur
  • kritisk vurdere grunnlaget for analysar og politikk innanfor ungdomsfeltet
  • drøfte kva for konsekvensar nye sosialiseringsformer i familien kan ha for autoritetsrelasjonar i skulen, for læraren og meir generelt vaksen sjølvdanning
  • planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning med utgangspunkt i kunnskapen studenten har tileigna seg i emnet

Generell kompetanse:

Studenten har/kan

  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og funn i studiar av barn og unge, både med spesialistar og allmenta
  • vurdere og ta stilling til kulturelle straumar som ungdommen sjølv både formar og blir forma av
  • omsetje og formidle kunnskapen til undervisning for elevar i skulen
  • analysere relevante problemstillingar knytt til læring, undervisning, yrke og etikk
  • bidra til nytenking og innovasjon i skule og undervisning

Krav til forkunnskapar

Ingen utover dei som følgjer av opptak

Tilrådde forkunnskapar

Dei som følgjer av opptak. Grunnleggjande sosiologisk kunnskap.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet byggjer på sjølvstudium av litteratur, førelesingar og arbeid i grupper. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for å gjere undervisninga best mogleg. Vi legg mellom anna opp til at også studentane presenterer fagstoff individuelt eller i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav knytt til sluttvurderinga: Skisse til mappeoppgåve med ungdomssosiologisk, empirisk utforskande profil. Arbeidskravet kan gjerne vere forma som eit undervisningsopplegg eller fagleg- sosialt tiltak i ein skuleklasse. Studentane får rettleiing på arbeidskravet.

Obligatorisk deltaking i 80% av undervisninga i emnet. 

Vurderingsform

Innlevering av ein tekst i mappe Vekting: 50%

Individuell, skriftleg eksamen Tid: 4 timar Vekting: 50%

Gradert karakter A-F.

Ved stryk på ein deleksamen treng kandidaten berre ta opp att den delen ho/han stryk i. 

Ved stryk på mappe leverer studenten omarbeidd tekst.  Ved stryk på andre forsøk, må oppgåve med ny problemstilling leverast. 

Ved ny eksamen på grunn av forbetring av karakter på mappe: oppgåve med ny problemstilling. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle ved tekst til mappe.

Ingen ved skriftleg 4 timars eksamen.

Meir om hjelpemiddel