Hopp til innhald

SA593 Frå ung til vaksen: Skule, arbeid, media, politikk

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei grunnleggjande forståing av kjenneteikn ved og endringar i sentrale sosialiseringsinstitusjonar/-arenaer som utdanningsinstitusjonen, arbeidsliv, media og politikk. Tilhøvet mellom endringar i slike institusjonar og nye ungdomsroller og identitetar er sentralt - mellom anna tesen om auka individualisering. Merksemda vert retta særleg mot kjønns- og klassebaserte identitetar og livssjansar. Endringane i utdanningsinstitusjonen og kva konsekvensar desse har for identitetsforming og sosial mobilitet er sentrale problemstillingar. Emnet tek også opp media si rolle som formidlar og skapar av nye identitetar og livsstilar, og som iscenesetjar av uro kring ungdoms livsstil og veremåte. Slik følgjer ein opp problemstillingar frå emnet (SA594) Sosiologiske perspektiv. Emnet gjev også ei innføring i fagdidaktiske problemstillingar i form av refleksjon over den særeigne sosiologiske tilnærminga til utdanningsinstitusjonane.

Læringsutbytte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

  • har studenten kunnskap om grunntrekk ved og samanhengar mellom dei sentrale sosialiseringinstitusjonane-/arenaene utdanning, arbeid, media og politikk i høve identitet og livssjansar
  • har studenten kunnskap om korleis samhandlinga innan og mellom viktige sosialiseringsinstitusjonar medverkar til både sosial inkludering og ekskludering
  • kjenner studenten til skildringar og analysar av korleis unge kvalifiserer seg til vaksenlivet, og kva for nye vilkår og barrierar som har komme til dei siste tiåra

Ferdigheiter

  • kan studenten bruke kunnskap om ungdom i skulen, familien og fritida til å utarbeide gode problemstillingar om korleis samtida legg rammer for liva til nye generasjonar
  • kan studenten finne vurdere og vise til fagleg relevante tekstar, og leggje fram kortfatta skriftlege arbeid som byggjer på slike ferdigheiter

Generell kompetanse

  • kan studenten formidle ungdomssosiologisk kunnskap og delta i ordskiftet der ungdom er tema
  • kan studenten frå ein ungdomssosiologisk synsstad utveksle synspunkt på nytten og verdien av politiske tiltak retta mot skulen, familien og arbeidslivet
  • har studenten innsikt i institusjonaliseringsprosessar

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppearbeid og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på første ordinære undervisningsøkt. Studentar som er forhindra frå å møte, må levere inn eit alternativt skriftleg arbeidskrav på 500 ord over ein oppgåvetekst og med ein tidsfrist gitt av emneansvarleg.

Vurderingsform

Munnleg eksamen. Sensorane har høve til å stille spørsmål frå alt pensum.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel