SÅR1101 Generelle prinsipp for behandling av ikkje-helande sår
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Dette emnet er delt opp i to tema,
- det fysiologiske og patofysiologiske grunnlaget for sårbehandling
- sår som ikkje gror, generelle behandlingsprinsipp
Emnet omhandlar korleis kroppen reagerer på traume, korleis tilheiling går føre seg og kva for føresetnader som må vere til stades for at sår skal heile. Vidare blir det undersøkt kva for mekanismar som trer i kraft når normal sårtilheiling ikkje skjer, og kva alternative strategiar me har for å handtere dette.
Læringsutbytte
Kunnskap
- har inngåande kunnskap om huda si oppbygging og funksjon knytt til sårutvikling og sårheiling
- har inngåande kunnskap om normal heiling i hud og vev, inklusiv oksygenet si rolle
- har inngåande kunnskap om sirkulatoriske sjukdommar som grunnlag for utvikling av sår har inngåande kunnskap om immunolgiske og patologiske mekanismar bak utvikling av sår
- har inngåande kunnskap om bakteriar sine roller i danninga og vedlikehaldet av ikkje-heilande sår
- har inngåande kunnskap om korleis sjukdom/behandling påverkar sårheiling
- har inngåande kunnskap om sår og samfunnsøkonomi
- har inngåande kunnskap om nekrosar og utvikling av devitalisert vev, metodar for å handtere dette
- har inngåande kunnskap om handtering av såreksudat har inngåande kunnskap om hjelpemiddel i sårbehandlinga
- har inngåande kunnskap om korleis sår påverkar livskvalitet
- har inngåande kunnskap om sårbehandling og dokumentasjon
- har inngåande kunnskap om ernæring og sårheiling
Ferdigheiter:
- identifiserer kva for sår som har ein normal og forventa heiling og kva for sår som krev spesiell oppfølging og behandling
- identifiserer og eliminerer tilstandar som hemjar tilheiling
- vel løysingar som både er fagleg forsvarlege og samfunnsøkonomisk akseptable
Generell kompetanse:
- formidlar sjølvstendig arbeid og har kontroll over fagområdet sine uttrykksformer
Fagleg overlapping
- SÅR1002 - Pleie og handsaming av kroniske sår - Reduksjon: 15 studiepoeng
- SÅR1001 - Pleie og handsaming av kroniske sår - Reduksjon: 10 studiepoeng