Hopp til innhald

ING2054 Statikk og fastleikslære

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Kraftpåvirkning av konstruksjonar, enklare og meir komplekse, med vekt på 2-dimensjonale. Resulterande skjerkrefter og bøyemoment. Statisk ubestemde konstruksjonar. Alle vesentlege element innan fastleikslæra som spenning og deformasjon. Vidare dimensjoneringskriterie, elastiske materialar, torsjon, spenningar i og deformasjon av bjelkar, elementærbjelkemetoden, trykkbelasta stavar og knekking.

Læringsutbytte

- Kunnskap:

  • Studenten har grunnleggjande kunnskap om prinsippa i statikk og fastleikslære
  • Studenten har grunnleggjande kunnskap om korleis kraftpåkjenningar medfører spenningar og deformasjonar i dei vanlegaste konstruksjonselementa.
  • Studenten har kunnskap om korleis spenningar og deformasjonar blir kontrollert mot materialstyrke og funksjonalitet i ein dimensjoneringsprosess.

 

- Ferdigheiter

  • Studenten kan nytta kunnskap i matematikk og fysikk til å formulera, spesifisera og løysa statikk og fastleikslæreproblem på ein velbegrunna og systematisk måte.
  • Studenten kan rekna ut ytre lagerreaksjonar i statisk bestemte, samt enkle statisk ubestemte konstruksjonar. Han/hun kan rekna ut indre belastningar i form av normalkraft, skjærkraft og bøyemoment, og kandidaten kan vidare teikna, forstå og lese diagramma for normalkraft, skjærkraft og bøyemoment.
  • Studenten kan rekna ut spenningsfordeling og deformasjon i fagverk, bjelkar, akslingar, rammer og andre samansette konstruksjonar. Studenten kan vidare rekna ut Euler knekklast i søyler med ulik opplagring.
  • Studenten kan vurdera løysingar og resultat på ein kritisk måte.
  • Studenten kan videreformidla sentrale teoriar og løysingsmetodar i faget.

 

- Generell kompetanse

  • Studenten har innsikt i og forståing av metodar brukt til styrkeberekning av konstruksjonselement og til val av material.
  • Studenten har innsikt i kva faget grunnleggjande har å seia for konstruksjon- og byggfag.
  • Studenten har lært å samarbeida i praktiske prosjekt.

Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Tilrådde forkunnskapar

Fysikk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rekne- og laboratorieøvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ja (vert spesifisert i undervisningsplanen ved semesterstart).

Vurderingsform

Del 1: Skriftleg eksamen  4 timar, tel 40% på endeleg karakter.

Del 2: Skriftleg eksamen 5 timar, tel 60% på endeleg karakter

Gradert karakter A - E / F (stryk).

Del 1vert gjennomført midt i semesteret. Del 2 vert gjennomført som ein slutteksamen., Begge eksamenane må vere greidd for å få karakter i emnet.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator: Godkjent kalkulator er Casio fx-82 (alle typar: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)

Teknisk formelsamling (Pedersen, Gustavsen, Kaasa og Olsen) blir delt ut under eksamen.

Meir om hjelpemiddel