Hopp til innhald

MSAM313 Utdanning og globalisering

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Utdanning og globalisering er eit valemne i mastergradsstudiet i samfunnsfagdidaktikk og går andre semesteret i studiet. Kjennskap til globalisering, utviklingsteori og internasjonal politikk er ein føremon.

Studiet skal gi ei fordjupa fagleg forståing av globaliseringsprosessar og setja studentane i stand til drøfta globaliseringsproblem på høgt fagleg nivå. Det blir fokusert på verknader av globalisering på ulike nivå og i ulike kontekstar, og spesielt korleis globaliseringa stiller utdanningssystemet ovanfor nye utfordringar, også når det gjeld praktisk fagdidaktisk arbeid. Vidare blir det sett kritisk søkelys på samanhengen mellom utvikling og utdanning, kjønn og utdanning, samt regionale utfordringar for utdanningssystem

Sentrale undervisningsemne:

  • Globalisering
  • Utdanning og utvikling
  • Utdanning og kjønn
  • Regionale utfordingar for utdanning i ei global verd

Læringsutbytte

Ein kandidat som har fullført emne 3 skal ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har avanserte kunnskapar om globaliseringsprosessar med vekt på politiske, kulturelle, sosiale og økonomiske sider
  • har god kjennskap til relasjonen mellom globalisering og utdanning
  • har god kjennskap til utviklingsteori og skiftande samanheng mellom utvikling og utdanning
  • har god kjennskap til problem knytt til kjønn innan utdanning

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan analysere fagstoffet og bruke det som teoretisk ramme i masteroppgåva
  • kan drøfte ulike konsekvensar av globalisering, særleg i eit afrikansk perspektiv

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan reflektere kring didaktiske implikasjonar av fagstoffet
  • kan kritisk vurdere korleis globale prosessar påverkar utdanning og utdanningas rolle i eit samfunn
  • Studentane skal kjenna til overordna perspektiv på globalisering, og skal kunna vurdera og drøfta ulike faglege tilnærmingar kritisk.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga skjer som ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium og gjennomgang og diskusjon av tekstar i seminar. Det vert sett krav til aktiv deltaking frå studentane på seminaret. Arbeidsformene legg stor vekt på problematisering, kritisk refleksjon og diskusjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Heimeeksamen, 1 veke.

Oppgåva skal vera på 10 sider (4000 ord).

Tid for ut- og innlevering av eksamen vert annonsert på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel