Hopp til innhald

ØKB1111 Finansrekneskap med analyse

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Kurset byggjer på ØKB1110 bedriftsøkonomi med rekneskap eller liknande kurs. Kurset skal gi god innsikt i finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår. Kurset skal vidare gi nødvendige kunnskapar til å behandle sentrale måleproblem i rekneskapen og til å kunne utarbeide kontantstraumanalyse. Med utgangspunkt i årsrekneskapen viser ein korleis bedrifta si lønnsemd, likviditet og finansiering kan analyserast nærmare. 

  • Grunnleggjande rekneskapsprinsipp og god rekneskapskikk
  • Rekneskapslova sine vurderingsreglar for eigedelar og gjeld
  • Eigenkapital og disponering av årsresultat
  • Utarbeiding av kontantstraumoppstilling
  • Tradisjonell rekneskapsanalyse

Læringsutbytte

Studentane skal etter fullført kurs

  • ha god innsikt i finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår
  • kunne behandle sentrale måle- og vurderingsproblem i finansrekneskapen
  • kjenne dei viktigaste vurderingsreglane innan skatt som grunnlag for berekning av mellombelse forskjellar og utsett skatt
  • kunne utarbeide kontantstraumanalyse
  • kunne tilretteleggje rekneskapsdata og gjennomføre korrigering av rekneskapstal for analyseformål
  • kunne berekne aktuelle nøkkeltal og gjere ei vurdering av bedrifta si lønnsemd, likviditet, soliditet og finansiering

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ØKB1110 Bedriftsøkonomi med rekneskap eller lignende

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, oppgåveløysing o.a.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ja, innleveringsoppgåve(r) (spesifiserast i semesterplan ved semesterstart)

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, 100%

Karakterskala A-F,  der F tilsvarer ikke bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Høgskulens kalkulator (Texas TI 84) vert utdelt, Regnskapsloven Kap.4-6 vert utdelt

Meir om hjelpemiddel