ØKB1111 Finansrekneskap med analyse
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Kurset byggjer på ØKB1110 bedriftsøkonomi med rekneskap eller liknande kurs. Kurset skal gi god innsikt i finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår. Kurset skal vidare gi nødvendige kunnskapar til å behandle sentrale måleproblem i rekneskapen og til å kunne utarbeide kontantstraumanalyse. Med utgangspunkt i årsrekneskapen viser ein korleis bedrifta si lønnsemd, likviditet og finansiering kan analyserast nærmare.
- Grunnleggjande rekneskapsprinsipp og god rekneskapskikk
- Rekneskapslova sine vurderingsreglar for eigedelar og gjeld
- Eigenkapital og disponering av årsresultat
- Utarbeiding av kontantstraumoppstilling
- Tradisjonell rekneskapsanalyse
Læringsutbytte
Studentane skal etter fullført kurs
- ha god innsikt i finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår
- kunne behandle sentrale måle- og vurderingsproblem i finansrekneskapen
- kjenne dei viktigaste vurderingsreglane innan skatt som grunnlag for berekning av mellombelse forskjellar og utsett skatt
- kunne utarbeide kontantstraumanalyse
- kunne tilretteleggje rekneskapsdata og gjennomføre korrigering av rekneskapstal for analyseformål
- kunne berekne aktuelle nøkkeltal og gjere ei vurdering av bedrifta si lønnsemd, likviditet, soliditet og finansiering
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
ØKB1110 Bedriftsøkonomi med rekneskap eller lignende
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, oppgåveløysing o.a.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja, innleveringsoppgåve(r) (spesifiserast i semesterplan ved semesterstart)
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, 100%
Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikke bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Høgskulens kalkulator (Texas TI 84) vert utdelt, Regnskapsloven Kap.4-6 vert utdelt
Meir om hjelpemiddel