ØKB1111 Finansrekneskap med analyse
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Kurset bygger på ØKB1110 Innføring i bedriftsøkonomi med rekneskap eller liknande kurs. Kurset skal gi god innsikt i finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår. Kurset skal vidare gi nødvendige kunnskapar til å behandle sentrale rekneskapsmessige måleproblem, berekne skatt og til å kunne utarbeide ei kontantstraumoppstilling. Med utgangspunkt i årsrekneskapen viser ein korleis bedrifta si lønnsemd, likviditet, finansiering og soliditet kan analyserast nærare.
Innhald:
- Grunnleggande rekneskapsprinsipp og god rekneskapsskikk
- Rekneskapslovas vurderingsreglar for eigedelar og gjeld
- Rekneskapsføring av inntektsskatt i aksjeselskap
- Eigenkapital og disponering av årsresultat
- Utarbeiding av kontantstraumoppstilling
- Tradisjonell rekneskapsanalyse
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten skal ved fullføring
- ha god innsikt i finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår
- kjenne til sentrale rekneskapsprinsipp og vurderingsreglar
- kjenne til dei mest sentrale skilnadane mellom rekneskaps- og skattereglar
- forstå samanhengen mellom likviditditetsendringar (kontantstraumoppstilling) for ei bedrift, verdiskapinga (resultatrekneskap) og anskaffing og bruk av kapital (balanse)
- kjenne til sentrale nøkkeltal innan lønnsemd, likviditet, finansiering og soliditet
Ferdigheiter Studenten skal ved fullføring
- kunne stille opp resultatrekneskap og balanse i samsvar med rekneskapslovas oppstillingsplanar
- kunne handsame sentrale måle- og vurderingsproblem innan rekneskap
- kunne sette opp ei enkel skatteberekning
- kunne gjere årsoppgjørsposteringar og disponering av resultatet
- kunne utarbeide kontantstraumoppstilling
- kunne rekne ut og vurdere sentrale nøkkeltal med utgangspunkt i framlagt årsrekneskap
Generell kompetanse Studenten skal ved fullføring
- ha utvikla ei grunnleggande fagleg og praktisk innsikt, samt analytiske ferdigheiter knytt til finansrekneskapen
- ha grunnlag for vidare fordjuping innan fagområdet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Innføring i bedriftsøkonomi med rekneskap (ØKB1110) eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Elektroniske innleveringar må vere godkjend før eksamen kan avleggast. Eit ikke-godkjent arbeidskrav gir rett til eit nytt forsøk. Godkjent arbeidskrav er gyldig i eksamenssemesteret og 3 påfølgende semestre.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen 4 timar. Eksamen kan bli gjennomført på digitalt eksamenssystem.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator. Rekneskapslova kapittel 4-6
Meir om hjelpemiddel