ØKB1115 Makroøkonomi
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Dette kurset har følgande inndeling: - Oversikt over faget - Konjunktursvingingar og stabiliseringspolitikk - lukka økonomi - liten open økonomi - Økonomisk vekst - Økonomiske kriser - Pengar, bankar og finansreguleringar - Statsgjeldskrise - Likviditetsfella
Læringsutbytte
- Kjenne grunnleggande makroøkonomiske data frå nasjonalregnskapet.
- Kjenne andre sentrale makroøkonomiske data som prisindeksar og tall for arbeidsløyse og sysselsetjing.
- Kjenne grunnleggande teoriar for etterspørselen etter varer og tenester i eit land, inkludert Keynesiansk teori.
- Kjenne til korleis penge- og finanspolitikk påverkar samla etterspurnad. Kjenne til bruk av rentereglar i pengepolitikken.
- Kjenne til norsk penge- og finanspolitikk.
- Kjenne hovudteoriar for korleis arbeidsmarknaden og lønnsfastsettelsen fungerer.
- Kjenne teoriar for kvifor vi har arbeidsløyse.
- Kjenne korleis interaksjonen mellom tilbod og etterspurnad skapar konjunkturar og påverkar inflasjon og lønningar.
- Kjenne transmisjonskanalar for pengepolitikken og forstå hovudtrekka i korleis desse fungerer.
- Kjenne til grunnleggande teoriar for samanhengen mellom renter, prisar og valutakursar.
- Kjenne til og forstå korleis økonomisk vekst påverkar velstand og velferd.
- Kjenne til korleis sparing, befolkningsvekst og teknologisk utvikling skapar vekst i ein økonomi slik den er formulert i Solow-modellen.
- Kjenne til trekk ved utforminga av det moderne finanssystemet.
- Kjenne til kva som kan forårsake økonomiske kriser og verkemiddelbruk under ei krise.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggjande matematikk
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar og oppgaveløysing
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja, spesifiseres i semesterplan ved semesterstart
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timer, 100%. Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator
Meir om hjelpemiddel