ØKB2120 Etikk
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Etisk kompetanse handlar om prinsippa for å gjere forsvarlege val i møtet med etiske utfordringar og kunnskap om kva som påverkar einskildpersonar og bedrifter som moralske aktørar. Kurset tek sikte på å utvikla kompetansen langs desse to dimensjonane. 1. Studentane lærer å identifisera etiske utfordringar i konkrete situasjonar, å beskrive mogelege handlingsalternativ og dilemma, og å foreslå og å grunngje løysingar. 2. Studentane får bakgrunnskunnskap om korleis etiske utfordringar oppstår og kva for verkemiddel som vert tekne i bruk for å bidra til at bedrifter og andre organisasjonar tek etikk og samfunnsansvar på alvor.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- Kjenner til og forstår det sentrale innhaldet i ulike etiske teoriar.
- Forstår korleis etiske resonnement er relevante for privat og offentleg verksemd.
- Forstår grunnlaget for å sei at private og offentlege verksemder har moralsk ansvar
Ferdigheitar
Studenten:
- Kan diskutere etiske problem i det økonomiske livet med forståing for nyansar og alternative perspektiv.
- Kan vurdere etiske omsyn i privat og offentleg verksemd og sjå kritisk på om dei er vel ivaretatt i konkrete tilfelle.
- Kan foreslå og grunngje etisk forsvarlege alternativ i konkrete tilfelle.
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan bidra konstruktivt i debatten om etiske val i samfunns- og næringsliv.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar med diskusjon, individuell tileigning av fagstoff, obligatorisk arbeid med arbeidskrav i grupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja, spesifisert i undervisningsplan ved semesterstart
Vurderingsform
Del 1: Heimeeksamen i gruppe. Tel 40% av samla karakter.
Del 2: Individuell skriftleg eksamen 5 timer. Tel 60%. Ingen hjelpemiddel
Karakter A - F
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel tillatt ved skuleeksamen
Meir om hjelpemiddel