Hopp til innhald

BRL104 Friluftsliv og naturguiding II

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Dette emnet byggjer på Friluftsliv og naturguiding I. Vi vil i dette emnet gi studentane større kjennskap til interpretasjon og guiderolla. Gjennom teoretisk undervisning og praktiske erfaringar vil studentane i aukande grad få ansvar for gjennomføring av sikre turar. Det vil vere fokus på planlegging og formidling av heilskaplege opplevingar kor aktivitetar, natur- og kulturkjennskap inngår.

Læringsutbytte

Studenten skal ha:

  • kunnskap om ulike teoretiske perspektiv knytt til guiding og interpretasjon, veiledning og gruppehandtering i naturen.
  • kjennskap til risikovurdering, sikkerhet og HMS-rutinar knytt til naturbaserte aktiviteter.

 

Studenten har:

  • grunnleggande ferdigheiter innan friluftsliv i ulike naturmiljø.
  • erfaring med bruk av ulike formidlingsteknikkar som naturguide.
  • erfaring med å finne fram til og fleksibelt nytte lokal natur- og kulturkjennskap inn i rolla som naturguide.
  • praktiske erfaringar med gruppeprosessar og korleis desse verkar inn på læring og opplevingar.

 

Generell kompetanse

Studenten har/kan:

  • kjennskap og erfaringar med norske friluftslivstradisjonar og prinsippet om tur etter evne.
  • kjennskap til korleis ein som naturguide kan formidle berekraftig bruk av natur gjennom eigne haldningar og handlingar
  • evne til kritisk refleksjon rundt eigen rolle som naturguide og formidlar, og evne til å justere eigen praksis under rettleiing.
  • reflektere over samanhengar mellom mestring, samhandling, læring og opplevingar.

Tilrådde forkunnskapar

Vere forberedt på overnatting ute og kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Ekskursjonar med varigheit frå 1-4 dagar, førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Studentpresentasjonar og evaluering av medstudentar og seg sjølve. Blogg blir brukt i samband med ekskursjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Gjennomføre og bestå ekskursjonane
  • Gjennomføre og bestå oppgåve knytt til praktisk formidling for ei gruppe
  • Studentane skal levere refleksjonsnotat etter kvar tur
  • Eit skriftleg individuelt arbeidskrav. Bestått/ ikkje bestått

Vurderingsform

Individuell skriftleg heimeeksamen, 4-dager. Gradert karakter (A - F).

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler. 

Meir om hjelpemiddel