Hopp til innhald

EVL-ASP115 Språkutvikling og språklæring i eit fleirspråkleg perspektiv

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Innleiing

Andrespråkspedagogikk 1 er første del av vidareutdanninga Andrespråkspedagogikk 30 studiepoeng. Auka globalisering gjer at fleire og fleire elevar har ein annan språk- og kulturbakgrunn enn norsk. Vidareutdanninga er retta mot lærarar i grunnskulen som møter desse utfordringane. Studiet Andrespråkspedagogikk har fokus på språk- og fagopplæring av elevar som ikkje har norsk som morsmål, og som har relativt kort bakgrunn frå Noreg. Det er særleg fokus på det norske språket og korleis norsk som andrespråk utviklar seg og blir tileigna. Noreg som eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn vil også vere eit sentralt tema.

Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet. Det er eit mål å betre skuleprestasjonane til elevar med minoritetsbakgrunn i norsk skule, og det er ønskeleg at lærarar styrker sin pedagogiske, faglege og fagdidaktiske kompetanse på dette feltet. Det er også ønskeleg at skular vert stimulerte til å drive utviklingsarbeid innanfor feltet. Studiet legg derfor opp til å relatere teori og lærestoff til eigen praksis. 

Organisering

Andrespråkspedagogikk 1 (15 studiepoeng) går i haustsemesteret, og det er lagt opp til at ein skal fortsetje på Andrespråkspedagogikk 2 (15 studiepoeng) i vårsemesteret. Andrespråkspedagogikk 2 føreset at ein har Andrespråkspedagogikk 1. Normert studietid for begge modulane er to semester.

Studiet er eit samlingsbasert deltidsstudium som i tillegg er nettbasert/digitalt tilrettelagt. Det vil vere tre samlingar á to dagar. Mellom samlingane skal studentane arbeide med arbeidskrav på læringsplattforma Canvas.

 

Kompetanse:

Saman med Andrespråkspedagogikk 2 utgjer kurset 30 studiepoeng norskfagleg vidareutdanning. Saman med 30 studiepoeng i norsk frå lærarutdanninga gir kursa kompetanse for å undervise i norsk i grunnskulen. Samla sett kan norsk 30 studiepoeng og Andrespråkspedagogikk 30 studiepoeng i nokre institusjonar vere grunnlag for opptak til ulike masterstudium der norsk inngår.

Læringsutbytte

Etter fullført modul skal studentane ha kunnskapar om:

  • Omgrepa førstespråk/morsmål, andrespråk og fleirspråklegheit i eit pedagogisk perspektiv
  • Språktypologi og språkslektskap
  • Norsk språkstruktur i eit komparativt perspektiv
  • Språklæringsprosessar og andrespråkslæring
  • Karakteristiske trekk ved innlærarspråket (mellomspråk) hos fleirspråklege
  • Mellomspråksanalyse og vurdering av språkferdigheiter
  • Vurdering og kartleggingsverktøy
  • Noreg som eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn
  • Nokre innvandrarspråk i kontrastivt perspektiv
  • Læreplanar og andre offisielle dokument som angår fleirspråklege elevar  

Etter fullført modul skal studentane ha ferdigheiter i:

  • Å tolke relevante læreplanar og kartleggingsverktøy
  • Å kunne nytte kunnskapar om læreplanar, norsk språk og norske språktilhøve som eit grunnlag for tilpassa undervisning for fleirspråklege elevar
  • Å kunne vurdere elevane si utvikling i munnleg og skriftleg mellomspråk og nytte informasjonen til å gi tilpassa språkopplæring
  • Å kunne identifisere utfordringar ulike elevar har, språkleg, fagleg og kulturelt
  • Å vurdere korleis fleirspråklege ressursar, både språklege og kulturelle, kan kome heile skulen til gode
  • Å sjå likskapar og ulikskapar mellom ulike språk  

Etter fullført modul skal studentane ha generell kompetanse i:

  • Å sjå og vurdere korleis det er å få opplæring på andrespråket i norsk skule
  • Å arbeide sjølvstendig og reflektert for å stimulere fleirspråklege barn og unge sitt andrespråk
  • Å grunngi didaktiske val ut frå erfaringar og kunnskapar
  • Å møte fleirspråklege og fleirkulturelle elevar med respekt, interesse og kunnskapar
  • Å gi undervisning og vurdering som styrker elevane si språklege og faglege utvikling samstundes som det fremjar meistring, sjølvtillit og identitet
  • Å reflektere over likskapar og ulikskapar i ulike kulturar
  • Å dele kunnskapar og erfaringar frå fagfeltet med kollegaer og diskutere problemstillingar og løysingar 

Krav til forkunnskapar

Opptakskrav: Fullført utdanning som lærar med minst 30 sp norsk.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformer:

Studiet er organisert som ei blanding av samlingar, studentframlegg, erfaringsutveksling, sjølvstudium og arbeid på nettet. Studentane skal levere to obligatoriske tekstar og to diskusjonsinnlegg på nett i løpet av hausten. Det er eit mål å knyte studentane si eiga undervisningserfaring saman med relevant teori, og arbeidskrava vil derfor vere praksisnære. Det vil også vere fokus på utviklingsarbeid på eigen skule og blant kollegaer. Ein vil bruke læringsplattforma Canvas til kommunikasjon med medstudentar og faglærarar.

Obligatorisk læringsaktivitet

80% frammøte på samlingane.

Studentane skal levere to fagtekstar og ha to diskusjonsinnlegg i løpet av Andrespråkspedagogikk 1, modul 1. Arbeida er obligatoriske arbeidskrav, og må vere godkjende før studenten får gå opp til eksamen. Retningslinjer for studiekrava blir gjort kjende ved studiestart. Begge målformer skal vere representerte i arbeida.

Alle oppgåver skal leverast i Canvas, og studentane vil få respons og rettleiing digitalt.

Vurderingsform

Vurdering (eksamen)

Andrespråkspedagogikk 1 vil bli avslutta med ein skriftleg eksamen (6 timar) i slutten av haustsemesteret. Målforma er valfri. Det vil bli nytta karakterar frå A-F, der A er den beste og F er ikkje bestått eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel