EVL-ASP215 Kunnskapsbasert lese-, skrive og språkopplæring for fleirspråklege elevar
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Innleiing:
Andrespråkspedagogikk 2 er andre del av vidareutdanninga Andrespråkspedagogikk 30 studiepoeng. Studiet er retta mot lærarar i grunnskulen som underviser fleirspråklege elevar. Andrespråkspedagogikk 2 byggjer på Andrespråkspedagogikk 1. Fokus i modul 2 ligg på didaktisk arbeid for elevar som ikkje har norsk som morsmål og som treng å utvikle norskferdigheitene. Studiet gir teoretisk og praktisk innsikt i variert og systematisk elevarbeid med norsk som andrespråk, og fokus vert lagt på arbeid med munnlege ferdigheiter og lese- og skriveferdigheiter. Det vert også lagt vekt på opplæring i fag på andrespråket, tekstarbeid og læringsressursar. Andrespråkspedagogikk 2 skal også gi ein generell bakgrunn for å arbeide i fleirspråklege klasserom/på fleirspråklege skular.
Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet. Det er eit mål å betre skuleprestasjonane til elevar med minoritetsbakgrunn i norsk skule, og det er ønskeleg at lærarar styrker sin pedagogiske, faglege og fagdidaktiske kompetanse. Det er også eit viktig mål at kompetansen skal stimulere til utviklingsarbeid på skulane. I modul 2 vert det derfor lagt opp til at studentane skal gjennomføre eit praksisnært prosjekt.
Organisering
Andrespråkspedagogikk 1 (15 studiepoeng) går i haustsemesteret, og det er lagt opp til at ein skal fortsetje på Andrespråkspedagogikk 2 (15 studiepoeng) i vårsemesteret. Andrespråkspedagogikk 2 føreset at ein har Andrespråkspedagogikk 1. Normert studietid for begge modulane er to semester.
Studiet er eit samlingsbasert deltidsstudium som i tillegg er nettbasert/digitalt tilrettelagt. Om våren vil det vere tre samlingar á to dagar. Mellom samlingane skal studentane arbeide med studiekrav på læringsplattforma Fronter og ei prosjektoppgåve, som og er eksamensoppgåve.
Kompetanse:
Saman med Andrespråkspedagogikk 1 utgjer kurset 30 studiepoeng norskfagleg vidareutdanning. Saman med 30 studiepoeng i norsk frå lærarutdanninga gir kursa kompetanse for å undervise i norsk i grunnskulen. Samla sett kan norsk 30 studiepoeng og Andrespråkspedagogikk 30 studiepoeng i nokre institusjonar vere grunnlag for opptak til ulike masterstudium der norsk inngår.
Praksis
Studiet har ikkje eigen praksisdel, men dei obligatoriske oppgåvene er knytt til erfaringar og observasjonar frå klasserommet.
Målgruppe: Lærarar som har tatt Andrespråkspedagogikk 1.
Læringsutbytte
Læringsutbytte for modul 2: «Kunnskapsbasert lese-, skrive og språkopplæring for fleirspråklege elevar»
Etter fullført modul skal studentane ha kunnskapar om:
- Korleis ein best kan stimulere utvikling av elevane sine munnlege ferdigheiter.
- Korleis ein kan utvide ordforrådet og omgrepa hos elevane
- Den grunnleggjande og den vidare leseopplæringa
- Leseutfordringar når norsk er andrespråket
- Lesestrategiar og arbeid med skjønnlitterære tekstar, prosatekstar og samansette tekstar
- Migrasjonslitteratur og kulturmøte
- Skrivestrategiar og skrivestimulering
- Fagtekstlesing og kunnskapsutvikling på andrespråket
- Fagundervisning i eit fleirkulturelt perspektiv
- Nokre innvandrarkulturar i kontrastivt perspektiv
- Digitale læringsressursar for fleirspråklege elevar.
- Utviklingsarbeid innanfor andrespråkspedagogikk
Etter fullført modul skal studentane ha ferdigheiter i:
- Å planleggje og gjennomføre kunnskapsbasert og tilpassa andrespråksopplæring i tråd med gjeldande planar
- Å vurdere og bruke læringsressursar på ulike nivå
- Å konkretisere lærestoff og leggje opp til aktivtetar som skaper forståing
- Å kunne bruke litteratur og litteratursamtalar som språkstimulering og styrking av eleven sitt språk og sin kulturkompetanse
- Å kunne leggje til rette lærestoff i ulike fag slik at fleirspråklege elevar får god fagleg progresjon
- Å vurdere elevane sine munnlege og skriftlege ferdigheiter slik at vurderinga stimulerer til vidare læring
- Å kunne formulere munnlege og skriftlege læringsmål på ein slik måte at elevane blir delaktige i eiga læring
- Å kunne både velje og bruke digitale ressursar for å gjennomføre tilpassa opplæring for fleirspråklege elevar, til dømes ved å nytte ulike typar programvare, nettbrett, talande tastatur og digital tavle
- Å kunne bruke digitale ressursar på ein kritisk og hensiktsmessig måte for å utvikle språkferdigheitene til elevane.
- Å leggje til rette for morsmålsaktiviserande (morsmålsstøtta) læring
- Å sjå likskapar og ulikskapar mellom ulike kulturar
- Å sjå moglegheiter for tilpassa opplæring gjennom bruk av ulike digitale ressursar, som til dømes ulike typar programvare, nettbrett, talande tastatur og digital tavle, og å kunne ha eit kritisk blikk på desse.
Etter fullført modul skal studentane ha generell kompetanse i:
- Å kunne reflektere over dei ulike elevane sine føresetnader og ressursar og vere kreativ og open i planlegging og gjennomføring av oppgåver og aktivitetar som kan gi gode læringsvilkår for den einskilde
- Å vurdere fleirspråklege elevar sin totale opplæringssituasjon
- Å utvikle eit godt samarbeid mellom heim og skule når det gjeld dei fleirspråklege elevane
- Å vurdere korleis fleirspråklege ressursar, både språklege og kulturelle, kan kome heile skulen til gode
- Å dele kunnskapar og erfaringar frå fagfeltet med kollegaer og diskutere problemstillingar og løysingar
Tilrådde forkunnskapar
Andrespråkspedagogikk 1 (15 studiepoeng).
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformer:
Studiet er organisert som ei blanding av samlingar, studentframlegg, erfaringsutveksling, sjølvstudium og arbeid på nettet. Ein brukar læringsplattforma Canvas til kommunikasjon med medstudentar og faglærarar.
Studentane skal levere ein obligatorisk tekst og eit diskusjonsinnlegg på nett i løpet av våren. Det er eit mål å knyte studentane si eiga undervisningserfaring saman med relevant teori, og studiekrava vil derfor vere praksisnære. Det vil også arbeidet med prosjektoppgåva vere.
Obligatorisk læringsaktivitet
80% frammøte på samlingane.
Studentane skal levere ein fagtekst og ha eit diskusjonsinnlegg i løpet av våren. Fagteksten skal vere på den målforma som studenten har valt vekk i prosjektoppgåva. Målforma på diskusjonsinnlegget er valfri. Arbeida er obligatoriske studiekrav og må vere godkjende før studenten leverer eksamensoppgåva. Retningslinjer for studiekrava blir gjort kjende ved studiestart.
Alle oppgåver skal leverast på Canvas, og studentane vil få respons og rettleiing digitalt.
Vurderingsform
Vurdering
Andrespråkspedagogikk 2 vert avslutta med ei skriftleg individuell prosjektoppgåve som skal leverast på Wiseflow på en gitt dato. Oppgåva skal vere på cirka 15 sider. Oppgåva skal innehalde både teoretiske og didaktiske perspektiv. I samband med samling 1 på modul 2, vil det kome meir informasjon om oppgåva, blant anna forslag til emne og problemstillingar som kan vere aktuelle. Det blir gitt rettleiing av faglærar undervegs i arbeidet med oppgåva. Det er mogeleg å få to rettleiingar, ei av dei er obligatorisk. Rettleiinga vil i hovudsak gå føre seg på nett. Målforma i oppgåva er valfri, men kan ikkje vere den same som fagteksten som vert levert dette semestreret.
Oppgåva vil bli vurdert med karakterar frå A til F, det A er beste karakter og F er ikkje godkjend eksamen. Prosjektoppgåva vil telje 60% av den samla karakteren. Til slutt vil det vere ein munnleg eksamen der både prosjektoppgåva og pensum vil vere tema. Den munnlege eksamenen vil telje 40%av den samla karakteren.
Hjelpemiddel ved eksamen
Prosjektoppgåve (60%): Alle hjelpemiddel er tillate.
Munnleg eksamen (40%): Ingen hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel