Hopp til innhald

NAB1019 Norsk prosjekt Y-veg

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

I dette emnet får studentane ei innføring i kommunikasjonsprosessen og kva som kjenneteiknar god kommunikasjon i ein maritim kontekst. Her lærer dei om dei viktigaste og vanlegaste sjangrane som blir nytta innanfor deira fagområde, og kva som kan hindre kommunikasjonen i å nå fram til mottakaren i ulike situasjonar.

 

Studentane får òg kunnskap om språket som verktøy for god kommunikasjon, formverk, syntaks, grammatikk og grunnleggjande rettskrivingsreglar. I tillegg blir dei kjende med språklege, stilistiske og grafiske verkemiddel. De får òg trening i å jobbe i grupper.

Læringsutbytte

- Kunnskapar:

 

Studenten

  • kjenner til kommunikasjonsprosessen og kva som kjenneteiknar god kommunikasjon
  • kan bruke språket som verktøy for god kommunikasjon
  • kjenner til formverk, syntaks, grammatikk og grunnleggjande rettskrivingsreglar
  • kjenner til språklege, stilistiske og grafiske verkemiddel
  • har kunnskapar om dei viktigaste skriftlege sjangrane innanfor fagområdet sitt

 

- Ferdigheiter:

 

Studenten

  • kan lage og gjennomføre skriftlege og munnlege presentasjonar
  • kan skrive innanfor sjangrar som høyrer til den maritime konteksten, t.d. referat, rapportar og akademiske tekstar
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
  • meistrer relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer

 

- Kompetanse:

 

Studenten

  • er i stand til å formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere ho under rettleiing
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har bakgrunn innanfor det maritime fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar med studentaktivitetar, skriftlege og munnlege framstillingar, prosjekt- og gruppearbeid.

Studenten vel anten bokmål eller nynorsk som si målform i faget.

Obligatorisk læringsaktivitet

Oppgåver/aktivitetar

Vurderingsform

Skriftleg eksamen. 5 timar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ordbok

Meir om hjelpemiddel