Hopp til innhald

NAB3006 Kystnavigasjon for kadettfarledsbevis

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Kurset er fokusert rundt kystseglas langs norskekysten. Kurset følgjer eit modellkurs godkjent av Kystverket, og gjev grunnlag for at kandidatane kan søkje kadettfarledsbevis.

Læringsutbytte

- Kunnskap:

Kan gjere rede for regelverk som regulerar farledsbevis, sjømerker, fyrkarakterer og sjøkartinformasjon.

- Ferdigheitar:

Kan nytta peilingar, radar, ECDIS, farledsoppmerking, klareringsavstand og parallellindeksar i samband med kystnavigasjon.

- Generell kompetanse:

Kan planleggje og gjennomføre kystseglas på simulator.

 

Faget gjev grunnlag for å søkje om Kystverket sitt kadettfarledsbevis.

Krav til forkunnskapar

NAB1026 Navigasjon I, NAB1027 Navigasjon II og NAB2014 Navigasjon III, eller tilsvarande.

Merk; Talet på plassar er avgrensa i dette faget og faget er berre ope for 3. års studentar. Søknad om plass skjer gjennom Studentweb innan ein nærare sett frist.Rangering av søkjerar skjer på grunnlag av gjennomsnittskarakter i faga som er forkunnskapskrav, og deretter loddtrekning.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og simulatorøvingar

Obligatorisk læringsaktivitet

100% godkjent gjennomførte simulatorøvelser.

 

Merk; Ein føresetnad for å få gjennomføre simulatorøvingar, og dermed få godkjent studiekrav, må sjøkart 17, 19, 21 og 23, oppdatert til siste retting, skaffast.

Vurderingsform

Praktisk/munnleg eksamen i veke 47.

Merk: Eksamen består av planlegging av seglas og deretter praktisk gjennomføring av seglasen på simulatoren. Dersom kandidaten ikkje består planlegginga, vil dette automatisk føre til at eksamen ikkje er bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Parallellforskyvar og stikkpassar

Meir om hjelpemiddel