NAB3014 STCW Vidaregåande sikkerheitskurs
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Vidaregåande sikkerheitskurs for skipsoffiserar og beredskapsleiarar i internasjonal skipsfart. Kurset består av livbåtførarkurs, brannlagskurs og førstehjelpskurs. Emnet gjev ikkje studiepoeng, men vert tilbydd studentar som skal fullføra bachelorgrada si i nautikk og seinare løysa sertifikat som dekksoffiser.
Praktisk informasjon:
Emnet blir gitt av ekstern kurstilbydar. Kurset er gyldig i fem år.
Kvar einskild student får berre moglegheit til å ta emnet ein gong. Dersom ein har meldt seg opp, men ikkje fullfører utan gyldig grunn, vil høgskulen ikkje dekke kostnader for nytt kurs.
Læringsutbytte
- Kunnskapar:
Studentane skal kunna gjera greie for beredskapsleiing om bord i skip i ulike typar naudssituasjonar.
- Ferdigheitar:
Studentane skal kunna føra ein livbåt og leia evakuering til livbåt. Dei skal kunna delta i og leia brannlag, og kunna gi førstehjelp til personar i medisinske naudssituasjonar.
- Generell kompetanse:
Kurset dekkjer krava i STCW tabell A-VI/2-1, A-VI/3 og A-VI/4-1.
Krav til forkunnskapar
Minimum bestått 75 sp innan studieprogrammet, i tillegg til NAB1020 Grunnleggande sikkerheitskurs eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar og praktiske øvingar
Obligatorisk læringsaktivitet
100% frammøte og deltaking under heile kurset.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 1 time. Eksamen er gitt av ekstern kurstilbydar.
Bestått/ ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen.
Meir om hjelpemiddel