Hopp til innhald

PL417 Arealplanlegging

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Innføring i kommunal planlegging etter plan- og bygningslova med hovudvekt på kommuneplanens arealdel. Innhaldet i emnet omfattar:

  • Det norske styringssystemet med vekt på kommunen sine roller og oppgåver.
  • Datagrunnlag, lovgrunnlag og metodar for fysisk planlegging.
  • Politiske målsetjingar, brukarinteresser og konfliktar i kommunal arealplanlegging.
  • Konsekvensutgreiing og ROS-analyser.
  • Geografisk vert det lagt vekt på distriktskommunar med mindre tettstader.
  • Tematisk vert det lagt vekt på natur- og miljøvenlege utbyggingsprinsipp.

Læringsutbytte

  • Kommunen sine oppgåver, roller og plass i styringssystemet
  • Sentrale problemstillingar i fysisk oversiktsplanlegging
  • Plan- og bygningslova; plansystemet og krav til planinnhald, utgreiingar og planprosessar på kommuneplannivå
  • Utfordringar knytt til berekraftig planlegging

 

  • Finne grunnlagsmateriale og gjere analysar ved bruk av ArcGIS
  • Utføre ROS-analyse for naturfarer og konsekvensutgreiingar på kommuneplannivå

 

  • Forstå, vurdere og bruke kommuneplanar
  • Kunne delta i planprosessar

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav. 

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på GE-413 Kartlære og GIS og PL 416 Landskapsanalyse

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, og øvingar.

Praktisk prosjektarbeid i gruppe.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gruppeoppgåve: ROS-analyse av naturfarar og konsekvensutgreiing av nye utbyggingsområde i kommuneplanen sin arealdel (KPA). Godkjent arbeidskrav er ein føresetnad for å kunne gå opp til eksamen. 

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar. Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

ingen

Meir om hjelpemiddel