PSYK6104 Psykisk helsearbeid og relasjonskompetanse i et brukarperspektiv
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet vektlegg kunnskap om relasjonen sin betyding og ulike terapeutiske tilnærmingar med særleg fokus på ulike omsorg- og helsefremjande modellar. I tillegg blir det lagt vekt på kunnskap om og kritisk vurdering av ulike rammevilkår for utøvinga av psykisk helsearbeid, refleksjon over eiga rolle i samhandling med brukarar og oppøving til medvit rundt kva for forhold som kan fremje og hemje brukarmedverknad.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- har inngåande kunnskap om brukarmedverknad, inkludert korleis ein set seg inn i brukaren sine opplevingar, oppfatningar og førestellingar
- har inngåande kunnskap om ulike terapeutiske tilnærmingar som er relevant for ulike kliniske situasjonar og kontekstar
- har inngåande kunnskap om omsorgsmodellar som er relevant for psykisk helsearbeid
- har inngåande kunnskap om helsefremjande modellar som er relevant for psykisk helsearbeid
Dugleik:
Studenten:
- kan reflektere over eiga rolle og fagutøving i samhandling med brukarar, pårørande og anna fagpersonell
- kan gjere nytte av og kritiske vurdere ulike terapeutiske tilnærmingar i psykisk helsearbeid
- kan gjere nytte av juridiske og yrkesetiske retningsliner i utøvinga av psykisk helsearbeid
- kan kritisk vurdere rammevilkåra for utøving av psykisk helsearbeid relatert til dei ulike settingane for psykisk helsearbeid
Generell kompetanse:
Studenten:
- kan analysere og vurdere helse- og omsorgsteoriar på eit avansert nivå
- kan kritisk vurdere kva for forhold som kan fremje brukarmedverknad, meistring og myndiggjering
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
PSYK6101 Mennesket, psykiske lidingar og det sosiale miljø, PSYK6202: Organisering av tenestane for menneske med psykiske lidingar, VIT6202 Vitenskapsteori, metode og etikkog PSYK6103 Utvikling og utøving av psykisk helsearbeid: Kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing, gruppearbeid, seminar og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
1 individuelt, skriftlig arbeidskrav på 2500 ord, +/- 10%
75% obligatorisk oppmøte til undervisning og veiledning
Vurderingsform
Skriftleg, individuell oppgave over 10 uker. Oppgaven skal være på 6000 ord +/- 10%.
Det blir gitt tilbod om rettleiing på prosjektplan og oppgåve.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Ved ikkje bestått (karakter F), leverer studentane ei omarbeida skriftleg oppgåve til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel