Hopp til innhald

SA523 Bacheloroppgåve i historie

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Studenten skal forme ut ei avgrensa problemstilling med utgangspunkt anten i 1) eit lokal- eller regionalhistorisk emne frå eldre eller nyare tid, 2) eit didaktisk emne som kan vere knytt til skulefaget historie/samfunnsfag eller annan historiebruk i samfunnet, 3) museums-/arkivverksemd, eller 4) eit nasjonalt eller internasjonalt perspektiv.

Oppgåva skal vere utforma etter ei problemstilling laga av studenten i samråd med faglærar. Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten ...

  • har god kunnskap i historisk metode
  • har inngåande kunnskap om eit avgrensa historisk tema
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan forme ut og arbeide med ei historiefagleg problemstilling
  • kan finne fram til og arbeide med ulike typar kjeldemateriale
  • kan søkje fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar
  • kan meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsarbeid som oppfyller historievitskaplege teoretiske og metodiske krav til kjeldeinnhenting, analyse og kontekstualisering, dokumentasjon og framstillingsform

Krav til forkunnskapar

1) Avlagd eksamen i alle emna av første året av bachelor i historie eller årsstudium i historie.

2) Avlagd eksamen i Ex phil og Ex fac.

3) Avlagd eksamen i emna: Historie fordjupingsemne, Historievitskapleg metode og Historiefagleg praksis.

Undervisnings- og læringsformer

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på ca. 7500 ord. Det blir gjeve rettleiing av faglærar og halde oppstartseminar. I tillegg kan det vere aktuelt med anna seminarundervisning.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen.

Vurderingsform

Bacheloroppgåve. Innlevering av individuelt skriftleg arbeid med munnleg etterprøving. 

Oppgåva må vere sensurert med ein førebels greidd karakter for at studenten skal kunne gå opp til munnleg etterprøving. Endeleg karakter vert gitt etter munnleg etterprøving. Karakteren kan justeres med inntil ein karakter.  Ved ikkje greidd karakter etter munnleg må heile eksamen takast opp att.

Ved stryk på det skriftlege arbeidet (kontinuasjon): Kandidaten leverer ein forbetra versjon av bacheloroppgåva og får tilbod om ein time rettleiing.  Ved stryk på andre forsøk, må oppgåve med ny problemstilling leverast. 

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Bacheloroppgåva: alle hjelpemiddel.

Munnleg etterprøving: si eiga bacheloroppgåve.

Meir om hjelpemiddel