Hopp til innhald

SA606 Historievitskapleg metode

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet vil ha ei fordjuping i historisk teori og metode og ein brei gjennomgang av kjelder. Kjeldene vil vere utgangspunktet for kritisk gjennomgang og diskusjon kring korleis dei vert brukte når det gjeld å forstå menneskets posisjon i samfunnet. Emnet vil gje ei innføring i dei ulike stega i ein historievitskapleg studie frå kjeldejakt til publisering. Det vil gje opplæring både i korleis ein nyttar seg av tekstbaserte kjelder, korleis ein utnyttar kvantitative data med enkel statistisk metode og utnytting av gjenstandar, bilete og andre typar kjelder. Emnet vil og gi ei innføring i historiefagets historie i den vestlige verda frå antikken fram til i dag, og ein oversikt over dei viktigaste teoretiske innfallsvinklane. I tillegg står ulike måtar å forklare og forstå historiske hendingar og prosesser på sentralt.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten ...

  • kan gjere greie for sentrale sider ved historie som fagdisiplin
  • kan gjere greie for historia og eigenarten til faget
  • kjenner til fagets vitskaplege, pedagogiske, identitetsbærande og litterære verdi
  • kjenner til dei viktigaste typane kjelder historikarar nyttar
  • kjenner til dei grunnleggjande metodane og teknikkane i historiefaget
  • kan oppdatere sin eigen kunnskap om historiske metodar

Ferdigheiter

Studenten ....

  • kan finne fram til og arbeide med ulike typar data, kjelder og litteratur, og vise til desse i tråd med vitskapleg praksis
  • kan reflektere over eige og andre sitt arbeid
  • meistrar kjeldekritikk, hermeneutikk og andre historiske metodar og teknikkar til å analysere fortid og samtid
  • kan komponere ei historisk forteljing med utgangspunkt i kjelder og litteratur
  • kan skrive ein fagtekst om eit historisk tema etter definerte vitskaplege kriterium og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • kan nytta metodisk innsikt til kritisk å vurdere historisk forsking og formidling

Generell kompetanse

Studenten kan ....

  • reflektere kring historikaren si rolle når bilete av fortida vert forma
  • reflektere over utviklinga i historiefagets metodar, perspektiv, formidlingsformar og formål over tid
  • reflektere kring etiske spørsmål
  • formidle kunnskap skriftleg og munnleg, og utveksle synspunkt og erfaringar med andre
  • nytta både kvalitative og kvantitative metodar

Krav til forkunnskapar

1) Avlagd eksamen i alle emna av første året av bachelor historie eller årsstudium historie.

2) Avlagd eksamen i Ex.phil og Ex.fac

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminarundervisning, ekskursjon og sjølvstudium. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen vekting 50%, mappeeksamen vekting 50%

Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved ny eksamen på grunn av stryk på mappe skal omarbeidd tekst leverast inn. Ved stryk på andre forsøk(mappe), må oppgåve med ny problemstilling leverast. 

Ved forbetring av karakter må heile emnet, både munnleg eksamen og mappeeksamen, takast om att.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Mappeeksamen: alle

Munnleg eksamen: ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ME520 - Samfunnsvitskapleg metode - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SA512 - Samfunnsvitskapleg- og historievitskapleg metode - Reduksjon: 5 studiepoeng