Hopp til innhald

SO590 Bacheloroppgåve i sosiologi

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Denne modulen gir høve til å orientere seg sjølvstendig i aktuell ungdomssosiologisk forsking og inviterer studentane til å velje problemstillingar for oppgåveskriving innan dette feltet. Vi oppmodar også studentar om å nytte erfaringar frå emnet SA591 Arbeidslivsretta sosiologi som utgangspunkt for problemstillingar. Oppgåva skal ha eit omfang på 7500 ord. Studentane vel problemstilling og pensum i samråd med rettleiar.

Læringsutbytte

Etter fullført emne

Kunnskapar

  • har studenten grundig kunnskap om eit emne som studenten har skrive oppgåve om
  • kjenner studenten til og forstår korleis emnet for bacheloroppgåva plasserer seg i det sosiologiske forskingsfeltet

Ferdigheiter

  • kan studenten finne, vurdere og undersøke ei sosiologisk problemstilling
  • kan studenten reflektere over sosiologiske problemstillingar ved å integrere kunnskap frå ulike kjelder
  • kan studenten nytte teoretisk og metodisk kunnskap til å gjennomføre eit avgrensa sosiologisk forskingsarbeid

Generell kompetanse

  • kan studenten planleggje og gjennomføre faglege arbeid av relativt stort omfang
  • har studenten innsikt i korleis ein effektivt kan skaffe seg oversikt over eit fagområde gjennom litteratursøk og andre relevante kjelder
  • kan studenten formidle ei fagleg problemstilling gjennom å skrive ein lengre samanhengande akademisk tekst
  • kan studenten delta i det offentlege ordskiftet gjennom å utveksle synspunkt og erfaringar, basert på brei sosiologisk kunnskap

Krav til forkunnskapar

Avlagd eksamen i alle emna i det første året av bachelorstudiet i sosiologi - ungdomssosiologi, eller årsstudium i ungdomssosiologi med tillegg av Ex.phil og Ex.fac.

Tilrådde forkunnskapar

To års studiar i høgare utdanning, der kravet til forkunnskapar i sosiologi inngår.

Undervisnings- og læringsformer

Oppgåveskrivinga vil vere utgangspunkt for undervisninga som i hovudsak er basert på individuell rettleiing. Bacheloroppgåva blir skrive enten med utgangspunkt i eit bestemt tema eller problemstilling, eller som ein presentasjon og analyse av ein sosiologisk monografi eller empirisk studie. Faglærar kan gjere framlegg om tema/ problemstillingar/monografiar og gir elles råd om relevant litteratur.

Emnet inneheld også eit felles oppgåveseminar (sjå under "arbeidskrav).

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking i oppstartsseminar. Studentar som er forhindra frå å møte, må levere inn eit alternativt skriftleg arbeidskrav på 500 ord over ein oppgåvetekst og med ein tidsfrist gitt av emneansvarleg. 

Deltaking i oppgåveseminar. Det blir skipa til oppgåveseminar i emnet. Her leverer alle utkast til problemstilling, forslag til litteratur som kan nyttast i oppgåva og ei oversikt over planlagd struktur i oppgåva. Alle studentar kommenterer utkastet til ein medstudent. Faglærar er til stades og styrer diskusjonen.

Abeidskrava må vere gjennomførte til fastsette fristar og godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Bacheloroppgåve. Innlevering av individuelt skriftleg arbeid med munnleg etterprøving. Omfang: 7500 ord. Den munnlege etterprøvinga er ein fagleg diskusjon om den skriftlege oppgåva. Sensorane kan også dra inn sosiologiske omgrep og perspektiv frå studiet som ikkje er brukte av studenten i oppgåva, men som kan vere relevante i diskusjonen. Bokstavkarakter.

Oppgåva må vere sensurert med ein førebels greidd karakter for at studenten skal kunne gå opp til munnleg etterprøving. Endeleg karakter vert gitt etter munnleg etterprøving. Karakteren kan justerast med inntil ein karakter. 

Ved stryk (kontinuasjon) etter skriftleg arbeid: Kandidaten leverer ein forbetra (endra) versjon av bacheloroppgåva og får tilbod om ein time rettleiing.  Ved stryk på andre forsøk, må oppgåve med ny problemstilling leverast.   

Ved ikkje greidd karakter etter munnleg må heile eksamen takast opp att (både ny skriftleg oppgåve og munnleg etterprøving). 

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne ved skriving av bacheloroppgåve.

Det er høve til å ta med eiga bacheloroppgåve ved munnleg etterprøving. 

Meir om hjelpemiddel