RUS6103 Samtidige rus- og psykiske lidingar (ROP)
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Sameksisterande problematikk og samtidig rus og psykisk liding står sentralt. Emnet skal dessutan gi inngåande kunnskap om krenkingsproblematikk, både individuelt og i eit samfunnsperspektiv. Kjønns- og fleirkulturelle utfordringar vil også bli utdjupa. Emnet vil vektleggje systematisk refleksjon, brukarmedverknad, kommunikasjon og terapeutiske tilnærmingar. Myndiggjering og verdigheit som grunnlag for utgreiing, diagnostisering og omsorg står sentralt.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten:
- har avansert kunnskap om terapeutisk kommunikasjon og samhandling
- har avansert kunnskap om relasjonen og konteksten si betyding i samhandling med pasientar og kollegaer
- har omfattande kunnskap i dobbeldiagnose-/gråsoneproblematikk, symptom og diagnostisering rus og samtidig psykisk liding
- har inngåande kunnskap om følgjer av å vere utsett for alvorlege krenkingar, vald og overgrep
- har inngåande kunnskap om utsette grupper sine spesielle hjelpebehov når rus er ein vesentleg faktor i miljøet deira
Dugleik:
Studenten:
- kan leggje til rette nettverk og miljø for helsefremjing
- kan analysere ulike etiske dilemma innanfor rusfeltet
- kan gjere nytte av fagleg forsvarlege metodar for å fremje brukarmedverknad og myndiggjering
- kan utøve fagleg forsvarleg intervensjon ved krise- og avrusingsproblematikk
- kan søkje etter artiklar og gjennomføre eit fagutviklingsprosjekt
- kan vise innsikt og forståing for faglege og etiske problemstillingar ved å reflektere over eigen praksis i refleksjonsgrupper
Generell kompetanse:
Studenten:
- kan formidle, drøfte og analysere faglege problemstillingar i samarbeid med brukaren, pårørande og andre faggrupper.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
RUS6101 - Rusrelatert sosial- og helseproblematikk, RUS6202 - Perspektiv på helsefremjing, førebygging og behandling innan rusproblematikk, VIT6202 - Vitskapsteori, metode og etikk
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing, rettleiing, gruppearbeid og sjølvstudium.
Deltidsutdanning med vekessamlingar/enkeltdagar på campus Haugesund og Stord. Studiet vert og basert på obligatorisk deltaking i rettleiing, kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats mellom samlingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
1 individuelt, skriftleg arbeidskrav kor studenten reflekterar over ein situasjon på arbeidsplassen. Omfang 1500-2000 ord, +/- 10%.
75% obligatorisk oppmøte til undervisning og rettleiing.
Vurderingsform
Individuell heimeeksamen, 3 dagar. 3000 ord, +/- 10%.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Ved ikkje bestått (karakter F), må studenten levere heilt ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler tillatt.
Meir om hjelpemiddel