ØKB1106 Mikroøkonomi
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Kurset startar med ein grunnleggjande presentasjon av konsumentteorien, og blir følgd opp med ein gjennomgang av produksjonsteorien. Med bakgrunn i diskusjon av enkeltaktørane sine tilpasningar introduserer ein vidare ulike marknadsløysingar. Først beskriv ein marknadsforma frikonkurranse, seinare studerer ein marknadsløysinga ved monopol. Det blir gitt ei samfunnsøkonomisk vurdering av ulike marknadsløysingar og konsekvensane av offentlege inngrep. Eksempel på marknadssvikt blir studert og verknadene økonomisk politikk kan ha i slike situasjonar.
Læringsutbytte
Kunnskaper
Studenten:
- Kjenner til og forstå grunnleggande omgrep og modellar innan mikroøkonomi.
- Forstår korleis modellane kan brukast til å analysere enkeltaktørar si økonomiske åtferd og samspelet mellom desse i ulike marknadsformer.
- Kan drøfte kriteriar for økonomisk effektivitet og få kunnskap om situasjonar der vi har marknadssvikt.
- Forstår korleis myndigheitspolitikk kan påverke enkeltaktørar si åtferd og gjennom dette prisar og effektivitet.
Ferdigheitar:
Studenten:
Behersker grunnleggjande grafiske og matematiske verktøy for å kunne :
- Framstille og forklare konsumentar sine val basert på preferansar, prisar og inntekt.
- Framstille og forklare produsentar sine vedtak basert på teknologi og faktorprisar
- Vise korleis samspelet mellom konsumentar og produsentar skaper ei marknadslikevekt
- Presentere og drøfte marknadslikevekta i ulike konkurransesituasjonar.
- Forklare og drøfte samanhengen mellom marknadslikevekt og effektivitet
- Drøfte situasjonar der marknadslikevekta ikkje er effektiv, og kva myndigheitene kan gjere for å bidra til auka effektivitet
Generell Kompetanse:
Studenten:
Har oppnådd ei grunnleggjande forståing for forholdet mellom individuelle økonomiske avgjerder og samfunnsøkonomiske konsekvenser av vala.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kunnskapar tilsvarende matematikkemnet, første studieår.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing og oppgåveløysing
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja, spesifiserast ved semesterstart
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, 100%
Karakterskala A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator.
Meir om hjelpemiddel