ØKB1110 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Bedriftsøkonomi med rekneskap inneheld to delar: ein del innan rekneskap og ein del innan bedriftsøkonomi. I rekneskapsdelen skal studentane gjerast i stand til sjølv å kunne føre eit enkelt rekneskap. I bedriftsøkonomidelen skal studentane tilegne seg kunnskapar og ferdigheiter om å skaffa, analysere og kommunisere relevant informasjon for å ta gode val for bedrifta.
Kurset inneheld:
- Balanselæra
- Praktisk rekneskapsføring
- Registrering av forretningstilfellar
- Periodisering
- Presentasjon av finansrekneskapet
- Innføring i målereglar og god rekneskapsskikk
- Kostnadsbegrep
- Kostnadsfordeling og kalkulasjonsprinsipp
- KRV-analysar
Læringsutbytte
Kunnskap
Studentane kjennar:
- formålet med eit finansrekneskap
- standard kontoplan
- samanhengen mellom transaksjonar og deira innverknad på resultat og balanse
- omgrepa utgifter, kostnader, utbetalingar, inntekter og innbetalingar
- effektar av behaldningsendringar
- økonomifunksjonen si rolle og plass i bedrifta og kunne drøfte dei grunnleggande trekka ved økonomisk styring av verksemda
- kostnadsomdømet og kostnadars variabilitet
- ulike prinsipp for produktkalkulasjon
- dei grunnleggande føresetnadene for og svakheitene ved dei tradisjonelle kalkulasjonsmetodane
Ferdigheitar
Studentane kan:
- bokføre dei mest vanlege transaksjonar; mellom anna meirverdiavgift
- foreta vanlege periodiseringsposteringar
- foreta årsoppgjør med enkle posteringar ved årsoppgjeret og disponering av resultat
- gjennomføre kostnads-, resultat- og volumanalysar
- foreta enkle analysar av optimale produktval i situasjonar med avgrensa ressurstilgang
- utarbeide kalkylar etter sjølvkost- og bidragsprinsippet
- identifisera relevante kostnader og inntekter og kunne løyse ulike utfordringar med fokus på å ta gode val
- finne korleis bedrifter bør tilpasse seg i ulike marknadssituasjonar
Generell kompetanse
Studenten har etter gjennomført kurs grunnlag for vidare fordjuping innan fagområdet
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
-
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Elektroniske innleveringar må vere godkjende før eksamen kan avleggast. Eit ikkje-godkjent arbeidskrav gir rett til eit nytt forsøk. Godkjent arbeidskrav er gyldig i eksamenssemesteret og 3 påfølgjande semester.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen 4 timar. Eksamen kan bli avheld på digitalt eksamenssystem.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator
Meir om hjelpemiddel