ØKB3119 Rekneskapsføraryrket og rekneskapsorganisering
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Emnet gir innsikt i ein rekneskapsførar sin rolle og god rekneskapsførarskikk, irekna utfordringar knyta til handsaming og registrering av transaksjonar og hendingar i ei verksemd, samt organisering og intern kontroll. Studentane vil også få ei innføring i praktisk bruk av eit IKT-basert rekneskapssystem.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten:
- Har god kjennskap til dei reglar som regulerer rettar og plikter for autoriserte rekneskapsførarar, irekna også rekneskapsførar sine erstatningsrettslege plikter
- Har god kjennskap til krav, plikter og tilrådingar som kjem fram i god rekneskapsføringsskikk
- Kjenner roller og ansvar til styret, dagleg leiar og revisor knyta til ei verksemd
- Kjenner dei mest sentrale rutinane i ei verksemd
- Kjenner generelle kontrollar og kan reflektera over organisasjonsmessige relasjonar i samband med intern kontroll, irekna tiltak for å sikra effektiv intern kontroll
- Kjenner til krav til tryggleik og kontrollar i IKT-system
- Har kunnskap om dei grunnleggande bokføringsprinsippa i bokføringsloven og god bokføringsskikk, irekna andre reglar i bokføringslov og rekneskapslov
Ferdigheiter:
Studenten:
- Kan nytta reglar om rettar og plikter og innhaldet i god rekneskapsføringsskikk irekna risikoregelverket (jf forskrift om risikostyring og internkontroll) og kvitvaskingsregelverk
Generell kompetanse:
Studenten:
- Kan tileigna seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområder nemnd ovanfor
- Kan formidla sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksla synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar
- Kan sjå emnet i ein større samfunnssamanheng
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggjande innføringskurs i finansrekneskap.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, oppgåveløysing i plenum og rettleiing i tilknyting til individuell eller gruppevis oppgåveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja, vert spesifisert i semesterplan ved semesterstart
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar 100%
Karakterskala A - F
Hjelpemiddel ved eksamen
Lover, forskrifter og standardar
Meir om hjelpemiddel