Hopp til innhald

BRL107 Opplevingsutvikling

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Gjennom emnet skal studentane bli kjend med ulike måtar å analysere og forstå opplevingar i reiselivet og få kjennskap til system/ verktøy som kan nyttast til å kvalitetssikre og vidareutvikle salgbare opplevingsprodukt. Ein legg vekt på å presentere teori knytt til produktutvikling og innovasjon, der rammene for utviklingsarbeidet i hovudsak er små og mellomstore opplevingsbedrifter. Empiriske artiklar knytt til utviklings- og innovasjonsprosessar for opplevingsprodukt vert nytta for å gi studentane den nyaste kunnskapen på feltet.Emnet koplar teori og praksis ved at studentane brukar teori inn mot erfaringar frå eigen tre vekers praksis. 

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om opplevingsøkonomien og om korleis ein kan vurdera ulike opplevingsprodukt
  • har kunnskap om korleis ein gjennom innovasjonsprosessar kan utvikle nye opplevingsprodukt innanfor rammene av små og mellomstore verksemder.
  • har kjennskap til hemmande og fremmande faktorar knytt til arbeidet med utviklings- og innovasjonsprosessar.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan meistre faglege verktøy for vurdering og vidareutvikling av opplevingsprodukt og utvikling av nye opplevingsprodukt.
  • kan nytte tilsette, kundar og kundeinformasjon som ein ressurs i forbetrings- og utviklingsarbeid

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og problemstillingar.
  • kjenner til og har erfaring med arbeid med innovasjonsprosessar gjennom vidareutvikling av opplevingsprodukt i små- og mellomstore verksemder.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet bygger på emna Reiselivskunnskap, Organisasjonsteori, Marknadsføring og Storytelling og erfaringsbasert marknadsføring

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, praksis og seminar

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskravet er knytt til praksis i slutten av fjerde semester. Studentane skal ut i tre vekers praksis i ei reiselivsverksemd som tilbyr opplevingsprodukt. Arbeidskravet inneheld praksisseminar i førekant av praksis, tre veker praksis og etterfylgjande praksisrapport. Arbeidskravet vert vurdert ut i frå greidd/ ikkje greidd.

Vurderingsform

Skriftleg individuell oppgåve, vurdert frå A-F. Oppgåva tel 40% av karakteren

Skriftleg 4-timars skuleeksamen, vurdert frå A-F. Tel 60% av karakteren. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ved innlevering av skriftleg individuell oppgåve er alle skriftlege kjelder tillatt. 

Ved skriftleg skuleeksamen er ingen hjelpemiddel tillatt

Meir om hjelpemiddel